Klaudios Ptolemaios: Skilnad mellom versjonar
Merke: mobilendring Mobil nettendring |
→Verk: +img |
||
Line 20: | Line 20: | ||
== Verk == |
== Verk == |
||
[[File:Ptolemaeus - Quadripartitum, 1622 - 4658973.tif|thumb|''Quadripartitum'', 1622]] |
|||
* ''Megale syntaxis'' (''ΗμεγάληΣύνταξις'', «Den store avhandling»), arabisk: ''Almagest'' - ca. 140 |
* ''Megale syntaxis'' (''ΗμεγάληΣύνταξις'', «Den store avhandling»), arabisk: ''Almagest'' - ca. 140 |
||
* ''Geografike hyfegesis'' |
* ''Geografike hyfegesis'' |
Versjonen frå 15. november 2017 kl. 21:25
Klaudios Ptolemaios | |||
| |||
Fødd | Κλαύδιος Πτολεμαῖος ca. 90 evt. Egypt i Romarriket | ||
---|---|---|---|
Død | ca. 168 (alder 77–78) Aleksandria i Egypt i Romarriket | ||
Nasjonalitet | Romarriket | ||
Område | astronomi, astrologi, matematikk, mekanikk, optikk, geografi, musikkteoretikar, Musikkteori | ||
Yrke | matematikar, geografar, astronom, astrolog | ||
Institusjonar | Biblioteket i Alexandria |
Klaudios Ptolemaios (gresk Κλαύδιος Πτολεμαίος, latin Claudius Ptolemaeus; ca. 90-168) var ein gresk astronom, geograf og matematikar frå Alexandria. Han blir rekna som opphavsmannen til det geosentriske verdsbiletet, som var det rådande i Europa fram til 1600-talet.
I sitt store verk Almagest set han fram ein teori om at nattehimmelen utgjer ei perfekt halvkule med jorda i sentrum. Stjernene er festa til ulike sfærar som roterer omkring jorda. Planetane rører seg i sirkelforma baner omkring eit sentrum som i sin tur teiknar ein perfekt sirkel rundt jorda. Han utvikla kompliserte matematiske formlar for å forklare dei observerte planetrørslene sine avvik frå teorien. I følgje Ptolemaios var jorda i ro. Om ho ikkje var det, ville skyar og fuglar forsvinne.
Ptolemaios gjorde nye utrekningar av avstanden frå jorda til sola og månen. Almagest inneheld og ein stjernekatalog. Mange av dei kjente stjernebileta, som Orion og Løva, har fått namna sine av Ptolemaios.
Han skreiv eit omfattande verk om geografi - Geografike hyfegesis. Her innfører han meir presise kartprojeksjonar, men karta hans lir av at han opererte med feil mål på jorddiameteren.
Tetrabiblos er eit stort verk om astrologi, og han skreiv og om optikk og musikk. Hans Harmonika er ei av dei viktigaste kjeldene til antikkens musikkteori. Kanon basileion er ein kronologi frå Nabonassar til Antoninus Pius.
Verk
- Megale syntaxis (ΗμεγάληΣύνταξις, «Den store avhandling»), arabisk: Almagest - ca. 140
- Geografike hyfegesis
- Optik
- Analemma
- Harmonika
- Planisphaerium
- Tetrabiblos
- Kanon basileion
- Kanon neger
Bakgrunnsstoff
- Engelsk omsetting av Tetrabiblos ved penelope.uchicago.edu
- Engelsk omsetting av Geographia ved penelope.uchicago.edu
- Ptolemy at SkyScript - The Life and Work of Ptolemy
- Alexander Jones, "Ptolemy and his Geography"
- Ptolemy biography
- http://wwwuser.gwdg.de/~fhasele/ptolemaeus/index.html
- http://www.fiks.de/rom/index.htm?rom10.htm
Kjelder
Denne artikkelen treng referansar for verifikasjon. |
- Einskildmenn
- Artiklar som treng fleire referansar 2025
- Tenkjarar frå gresk antikk
- Fødde i 90-åra
- Døde i 160-åra
- Filosofar på 100-talet
- Matematikarar frå gresk antikk
- Astronomar frå gresk antikk
- Astrologar frå gresk antikk
- Hellenistiske egyptarar
- Egyptiske astronomar
- Egyptiske matematikarar
- Geografar frå gresk antikk