Hopp til innhald

Lulesamisk: Skilnad mellom versjonar

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Sletta innhald Nytt innhald
Trondtr (diskusjon | bidrag)
Trondtr (diskusjon | bidrag)
Line 90: Line 90:


==Historie==
==Historie==

Vi delar språkhistoria inn i indre og ytre språkhistori, der det første er endringar i språket sjølv, og det andre er endringar i den samfunnsmessige stillinga til språket.


=== Indre språkhistorie ===
=== Indre språkhistorie ===


Dei samiske språka vart skilt frå austersjøfinsk for rundt 2000 år sidan. I løpet av tida fram til dei første skriftlege kjeldene for samisk (frå og med 1600-talet) delte det samiske urspråket seg inn i vestsamisk (frå [[sørsamisk]] til og med [[nordsamisk]]) og austsamisk. Den vestsamiske gruppa deler seg inn i ei sørleg gruppe ([[sørsamisk|sør-]] og [[umesamisk]]) og ei nordleg gruppe ([[pitesamisk|pite-]], lulesamisk og [[nordsamisk]]). Den sørlege gruppa av vestsamiske språk er kjenneteikna ved [[omlyd]] heller enn [[stadieveksling]], og har i større grad halde på trykklette [[konsonant]]ar og [[vokal]]ar frå det finsk-samiske urspråket i bøyingsendingane sine. Den nordlege gruppa, inkludert lulesamisk, har forkorta og mista endingane sine, slik at der sørsamisk har ''gïelen'' og ''gïeleste'' som [[genitiv]] og [[elativ]] av ''gïele'' "språk", har lulesamisk formene ''giela'' og ''gielas'', av grunnforma ''giella''. Som det går fram av døma skil lulesamisk (og pitesamisk og alle samiske språk lenger nord) seg frå sør- og umesamisk ved å ha [[stadieveksling]], i dette tilfellet veksling mellom lang ''-ll-'' i [[nominativ]] og kort ''-l-'' i visse andre kasus.
Dei samiske språka vart skilt frå austersjøfinsk for rundt 2000 år sidan. I løpet av tida fram til dei første skriftlege kjeldene for samisk (frå og med 1600-talet) delte det samiske urspråket seg inn i vestsamisk (frå [[sørsamisk]] til og med [[nordsamisk]]) og austsamisk. Den vestsamiske gruppa deler seg inn i ei sørleg gruppe ([[sørsamisk|sør-]] og [[umesamisk]]) og ei nordleg gruppe ([[pitesamisk|pite-]], lulesamisk og [[nordsamisk]]).


Lulesamisk skil seg frå nordsamisk framfor alt ved å ha oppretthalde skiljet mellom final ''-p, -t, -k'', eit skilje som i nordsamisk har falle saman i ''-t'', t.d. lulesamisk ''hállat, hállap'' ("å snakke, vi snakkar"), i nordsamisk er desse formene identiske (''hállat'' = både "å snakke" og "vi snakkar").
Den sørlege gruppa av vestsamiske språk er kjenneteikna ved [[omlyd]] heller enn [[stadieveksling]], og har i større grad halde på trykklette [[konsonant]]ar og [[vokal]]ar frå det finsk-samiske urspråket i bøyingsendingane sine. Den nordlege gruppa, inkludert lulesamisk, har forkorta og mista endingane sine, slik at der sørsamisk har ''gïelen'' og ''gïeleste'' som [[genitiv]] og [[elativ]] av ''gïele'' "språk", har lulesamisk formene ''giela'' og ''gielas'', av grunnforma ''giella''. Som det går fram av døma skil lulesamisk (og pitesamisk og alle samiske språk lenger nord) seg frå sør- og umesamisk ved å ha [[stadieveksling]], i dette tilfellet veksling mellom lang ''-ll-'' i [[nominativ]] og kort ''-l-'' i visse andre kasus. Lulesamisk skil seg frå nordsamisk framfor alt ved å ha oppretthalde skiljet mellom final ''-p, -t, -k'', eit skilje som i nordsamisk har falle saman i ''-t'', t.d. lulesamisk ''hállat, hállap'' ("å snakke, vi snakkar"), i nordsamisk er desse formene identiske (''hállat'' = både "å snakke" og "vi snakkar").


=== Ytre språkhistorie ===
=== Ytre språkhistorie ===

Versjonen frå 17. september 2017 kl. 15:16

Lulesamisk
julevsáme
Klassifisering Uralsk
 samisk
Bruk
Tala i Noreg, Sverige
Område Nordland, Västerbotten
Lulesamisktalande i alt 2000[1]
Rangering Ikkje topp-100
Skriftsystem latinsk
Offisiell status
Offisielt språk i Tysfjord kommune
Normert av Samisk språkråd
Språkkodar
ISO 639-2 smj
ISO 639-3 smj

Lulesamisk er eit samisk språk i den uralske språkfamilien. Det har ca. 2 000 talarar. Dei fleste lulesamane bur i Sverige, nokre bur i Noreg, dei fleste av dei på norsk side bur i Tysfjord kommune.

Alfabet

Lulesamisk blir skrive med bokstavane i det norske og svenske alfabetet, slik at æ, ø blir brukt på norsk side og ä, ö på svensk side. I tillegg brukast á for lang [a:], og ŋ for [ŋ]. Den siste lyden vart tidlegare skrive ń, i praksis (på grunn av 8-bits datasystem) ofte ñ. Sjølv om nord- og lulesamisk er svært lik kvarandre språkleg er det store skilnader i skrivemåten. Denne skilnaden går attende til Rasmus Rask sitt framlegg til nordsamisk rettskriving, lulesamisk heldt fast på den gamle, norsk-svenske skrivemåten, og skriv sjaddat og tjállet der nordsamisk har šaddat, čállit ('bli, skrive').

Grammatikk

Lulesamisk er eit språk med rik bøying.

Morfologi

Lulesamisk skil seg frå nordsamisk ved å ha oppretthalde distinksjonen mellom genitiv og akkusativ.

Tabellen viser kasusparadigme for likestava stammar på -a, her giella "språk"[2]

Sg+Nom giella
Sg+Acc gielav
Sg+Gen giela
Sg+Ill giellaj
Sg+Ine gielan
Sg+Ela gielas
Sg+Com gielajn
Sg+Abe gieladagá, gieladagi
Ess giellan
Pl+Nom giela
Pl+Acc gielajt
Pl+Gen gielaj
Pl+Ill gielajda
Pl+Ine gielajn
Pl+Ela gielajs
Pl+Com gielaj
Pl+Abe gielajdagá, gielajdagi

Historie

Vi delar språkhistoria inn i indre og ytre språkhistori, der det første er endringar i språket sjølv, og det andre er endringar i den samfunnsmessige stillinga til språket.

Indre språkhistorie

Dei samiske språka vart skilt frå austersjøfinsk for rundt 2000 år sidan. I løpet av tida fram til dei første skriftlege kjeldene for samisk (frå og med 1600-talet) delte det samiske urspråket seg inn i vestsamisk (frå sørsamisk til og med nordsamisk) og austsamisk. Den vestsamiske gruppa deler seg inn i ei sørleg gruppe (sør- og umesamisk) og ei nordleg gruppe (pite-, lulesamisk og nordsamisk).

Den sørlege gruppa av vestsamiske språk er kjenneteikna ved omlyd heller enn stadieveksling, og har i større grad halde på trykklette konsonantar og vokalar frå det finsk-samiske urspråket i bøyingsendingane sine. Den nordlege gruppa, inkludert lulesamisk, har forkorta og mista endingane sine, slik at der sørsamisk har gïelen og gïeleste som genitiv og elativ av gïele "språk", har lulesamisk formene giela og gielas, av grunnforma giella. Som det går fram av døma skil lulesamisk (og pitesamisk og alle samiske språk lenger nord) seg frå sør- og umesamisk ved å ha stadieveksling, i dette tilfellet veksling mellom lang -ll- i nominativ og kort -l- i visse andre kasus. Lulesamisk skil seg frå nordsamisk framfor alt ved å ha oppretthalde skiljet mellom final -p, -t, -k, eit skilje som i nordsamisk har falle saman i -t, t.d. lulesamisk hállat, hállap ("å snakke, vi snakkar"), i nordsamisk er desse formene identiske (hállat = både "å snakke" og "vi snakkar").

Ytre språkhistorie

Det lulesamiske skriftspråket vart etablert av Lars Levi Læstadius (18001861) med det religiøse verket Hålaitattem Ristagasa ja Satte almatja kaskan ('Samtale mellom ein kristen og ein ikkje-truande', 1837 el. 1839). I 1844 gav han ut Tåluts suptsasah, ei bibelhistorie på 259 sider. Det vart gjeve ut ei salmebok på lulesamisk i 1895. I byrjinga av 1900-talet utvikla K.B. Wiklund eit skriftspråk for lulesamisk. Etter 2. verdskrigen kom Bergsland /Ruong ortografien, den første samiske ortografien der ein morsmålstalar hadde vore med og utvikle han. Gjeldande lulesamiske skriftspråk vart utarbeida av lulesamisk språknemnd, og vedtatt i 1983.

Frå 1. januar 2006 vart Tysfjord første lulesamiske kommune under samisk språkforvaltningsområde i Noreg. I sverige er kommunane Gällivare, Arjeplog og Jokkmokk del av det samiske forvaltningsområdet, for lulesamisk (Gällivare også for nordsamisk).

Litteratur

Ordbøker

Grammatikkar og artiklar om grammatikk

Referanser

  1. Ethnologues rapport for lulesamisk
  2. Kjelde: Giellateknos lulesamiske paradigmegenerator. Jf. også Spiik 1989.

Bakgrunnsstoff

Wikipedia


Institusjonar

Språklæring og grammatikk

E-ordbøker