Hopp til innhald

Calmeyers gate: Skilnad mellom versjonar

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Sletta innhald Nytt innhald
Inkje endringssamandrag
Inkje endringssamandrag
Line 8: Line 8:

Calmeyers gate 15 og bakgarden, Calmeyers gate 15b, var eit [[jødar|jødisk]] sentrum i si tid. I nummer 15, ein bygning i fire høgder frå andre halvparten av 1800-talet, budde det 28 jødiske leigebuarar fram til deportasjonane under [[andre verdskrigen]], hausten 1942. Av dei vart 19 arresterte av norsk sivilt politi, tvangssende til [[Tyskland]] og drepne i [[Auschwitz]]. Bakgarden, nummer 15b, vart reist i 1919-1920 som [[synagoge]], vigsla i 1921, stengd av den tyske okkupasjonsmakta i 1942. Som vanleg var hovudrommet reservert for menn, der det var plass til 200, og på galleriet for kvinner var det plass til 100. Etter krigen var det ikkje ynske om å take bygningen i bruk som synagoge att, og han vart nytta til kontor og lager. I 1981 vart bygningen selt. Her har no [[Jødisk Museum i Oslo]] leigd seg inn, og har det gamle synagogelokalet som utstillingslokale.

[[Utlendingsdirektoratet]], som tek seg av innvandringssaker, har sine kontor hjørnebygningen mot Hausmanns gate, med adressa Hausmanns gate 21.

==Kjelder==
==Kjelder==
*[[Oslo byleksikon]], femte utgåva, side 118 ISBN 978-82-573-1760-7
*[[Oslo byleksikon]], femte utgåva, side 118. ISBN 978-82-573-1760-7

==Bakgrunnsstoff==
==Bakgrunnsstoff==

Versjonen frå 11. august 2017 kl. 12:07

59°54′57.560″N 10°45′12.762″E / 59.91598889°N 10.75354500°E / 59.91598889; 10.75354500

Calmeyers gate
Calmeyers gate 15 i 2010
Calmeyergatens Misjonshus fotografert i 1957.
Foto: Ørnelund, Leif/Oslo Museum

Calmeyers gate er ei om lag 350 meter lang gate i sentrum av Oslo, i bydel St. Hanshaugen, som går i nordausteleg lei frå Youngs gate, forbi sørenden av Arbeidersamfunnets plass til Hausmanns gate. Gata fekk namnet i 1852 etter legatskiparen og kjøpmannen Mathias Calmeyer (1741-1801). Opphavleg gjekk gata berre mellom Hausmanns gate og dåverande Henrik Ibsens gate, som no heiter Hammersborggata og avgrensar Arbeidersamfunnets plass i vest. Men i år 2000 vart gata lengd sørvestover til Youngs gate i samband med at det vart bygd ei ny kontorblokk i området.

Gata har på sett og vis sett spor etter seg i både byens og Noregs soge på godt og vondt. I kvartalet mot Calmeyers gate og Bernt Ankers gate, i Calmeyers gate 1, låg i si tid Calmeyergatens Misjonshus, ein nygotisk bygning reist i 1891 etter initiativ av handelsskulestyrar Otto Treider, bygd for evangeliske møte. Her låg landets største forsamlingslokale, der predikanten Albert Lunde (1877-1939) hadde sine møte for fulle hus for å vekke folk til trua i samsvar med den «heilagdomsrørsla» han stod for, og her samla Christian Michelsen meir enn 5000 tilhøyrarar under unionsstriden med Sverige i 1905. Her gjekk òg det såkalla Calmeyergatemøtet føre seg i februar 1920, då motstridande fraksjonar i det norske kyrkjelege miljøet, med Ole Hallesby, Edvard Sverdrup, Johan Martin Wisløff og Ludvig Hope som dei tonegjevande, møtte kvarandre til konfrontasjon om den kristne læra. Dessutan vart salen i fleirfaldige år nytta som konsertlokale der solistar av verdsklasse var å høyre, mellom anna Jussi Björling i 1947. Men i 1950-åra vart huset degradert til lagerbygning, og rive i 1971. Kirkens Bymisjon bygde på tomta i 1986-1987, og her har no Statens helsetilsyn sine kontorlokale.

Calmeyers gate 15 og bakgarden, Calmeyers gate 15b, var eit jødisk sentrum i si tid. I nummer 15, ein bygning i fire høgder frå andre halvparten av 1800-talet, budde det 28 jødiske leigebuarar fram til deportasjonane under andre verdskrigen, hausten 1942. Av dei vart 19 arresterte av norsk sivilt politi, tvangssende til Tyskland og drepne i Auschwitz. Bakgarden, nummer 15b, vart reist i 1919-1920 som synagoge, vigsla i 1921, stengd av den tyske okkupasjonsmakta i 1942. Som vanleg var hovudrommet reservert for menn, der det var plass til 200, og på galleriet for kvinner var det plass til 100. Etter krigen var det ikkje ynske om å take bygningen i bruk som synagoge att, og han vart nytta til kontor og lager. I 1981 vart bygningen selt. Her har no Jødisk Museum i Oslo leigd seg inn, og har det gamle synagogelokalet som utstillingslokale.

Utlendingsdirektoratet, som tek seg av innvandringssaker, har sine kontor hjørnebygningen mot Hausmanns gate, med adressa Hausmanns gate 21.

Kjelder

Bakgrunnsstoff

Commons har multimedium som gjeld: Calmeyers gate