Sophie Gengembre Anderson: Skilnad mellom versjonar
s robot: fjerna skanwikikommentar |
|||
Line 1: | Line 1: | ||
[[Fil: |
[[Fil:Sophie Gengembre Anderson Love in a mist.jpg|mini|''[[Kjærleik]] i skodde'']] |
||
[[Fil:SophieAndersonBirdsong.jpg|mini|200px|''Kvinner som lyttar til [[fugl]]esong'']] |
[[Fil:SophieAndersonBirdsong.jpg|mini|200px|''Kvinner som lyttar til [[fugl]]esong'']] |
||
Versjonen frå 27. januar 2016 kl. 11:22
Sophie Gengembre Anderson 1823–10. mars 1903 var ein målarane som vert rekna til prerafaelittane. Ho var fødd i Paris i Frankrike med engelsk mor og fransk far, arkitekten Charles Gengembre. I unge år studerte ho portrettmåleri hos Charles von Steuben i Paris.
Då februarrevolusjonen braut ut i 1848 flytta ho med familien sin til Cincinnati i USA. Der gifta ho seg med den britiske kunstnaren Walter Anderson, ein annan prerafaelitt. Dei to drog tilbake til England i 1854. Året etter stilde målarinna ut sitt første bilete i Royal Academy of Arts.
Anderson var ein dyktig målar som særleg kunne få fram lyseffektar og faldar i klede. Ho måla både portrett og landskap, men valde særleg born som modellar. Ho måla til dømes fleire italienske bondeborn som ho møtte på Capri.