Hopp til innhald

Jordforsk: Skilnad mellom versjonar

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Sletta innhald Nytt innhald
Line 22: Line 22:
[[Kategori:Skipingar i 1989]]
[[Kategori:Skipingar i 1989]]
[[Kategori:Norsk forsking]]
[[Kategori:Norsk forsking]]
[[Kategori:Norske organisasjonar]]

Versjonen frå 27. november 2014 kl. 14:35

Jordforsk — Senter for jordfaglig miljøforskning — vart danna i 1989 ved samanslåing av GEFO (Institutt for georessurs- og forurensningsforskning) og Det norske jord- og myrselskap. Jordforsk er eit nasjonalt kompetansesenter for miljøspørsmål knytte til både jord, vatn, avfall og landskap, og er støtta av både Miljøverndepartementet og Landbruksdepartementet.

Organisasjon

Jordforsk er ei privat stifting der styret har medlemer frå styresmakter, forvalting, forsking og næringsliv, og er eit av dei fem nasjonale miljøinstitutta som dannar Miljøalliansen saman med Norsk institutt for vannforskning (NIVA), Norsk institutt for luftforskning (NILU), Norsk institutt for by- og regionforskning (NIBR), Norsk institutt for naturforskning (NINA), Norsk institutt for kulturminneforskning (NIKU) og CICERO Senter for klimaforskning. Frå 1. januar 2006 har Jordforsk saman med Planteforsk og Norsk senter for økologisk landbruk (NORSØK) samla verksemda si i det nyoppretta Bioforsk.

Verksemd

På oppdrag frå næringsliv, offentlege styresmakter og verksemder, konsulentfirma og einskildpersonar driv Jordforsk forsking for å bidra til langsiktig og utviklande forvalting av jord, vatn, avfall og landskap.

De fire faggruppene/forskingsavdelingane til Jordforsk er:

  • Vasskvalitet og arealbruk.
  • Jordkvalitet og jordressursar.
  • Avfall og miljøgifter.
  • Naturbaserte rensesystem.

Jordforsk driv òg Jordforsk Lab.

Bakgrunnsstoff