Hopp til innhald

Saale: Skilnad mellom versjonar

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Sletta innhald Nytt innhald
MerlIwBot (diskusjon | bidrag)
s robot la til: vi:Saale
EmausBot (diskusjon | bidrag)
s r2.7.2+) (robot la til: bg:Зале
Line 40: Line 40:
[[be:Рака Заале]]
[[be:Рака Заале]]
[[be-x-old:Заале]]
[[be-x-old:Заале]]
[[bg:Зале]]
[[br:Saale]]
[[br:Saale]]
[[ca:Saale]]
[[ca:Saale]]

Versjonen frå 18. januar 2013 kl. 01:52

Saale
elv
Saale ved Saalfeld
Land Tyskland Tyskland
Nedslagsfelt 24 100 km² km²
Lengd 413 km km
Middelvassføring 115 m³/s /s
Kjelde Oberfranken
 •  høgd 728 m moh.
Munning Elbe
Kart
Saale
50°07′14″N 11°49′50″E / 50.1206°N 11.8306°E / 50.1206; 11.8306
Wikimedia Commons: Saale

Saale (òg kalla Sächsische Saale og Thüringische Saale) er ei elv i Bayern, Thüringen og Sachsen-Anhalt i Tyskland og ei av dei store sideelvane til Elbe frå venstre med ei lengd på 413 km. Ho må ikkje forvekslast med den mindre Fränkische Saale, ei sideelv til Main.

Geografi

Saale har sitt utspring mellom Bayreuth og Hof i Oberfranken (Bayern), i ei høgd på 728 meter i Fichtelgebirge. Ho snor seg nordover og passerer byen Hof, før ho renn inn i Thüringen. Ho renn mellom dei skogkledde fjella i Thüringer Wald før ho går inn i dalen Saalfeld. Etter Saalfeld når Saale Rudolstadt. Her mottar ho Schwarza, som renn gjennom ein dal der ein finn slottet Schwarzburg, eit eldgamalt sete for prinsane av huset Schwarzburg-Rudolstadt.

Frå Saalfeld går Saale inn i kalksteinsområdet nord for Thüringer Wald og gjennom byen Jena. Ho går så inn i Sachsen-Anhalt og gjennom kurstaden Bad Kösen der ein finn mange åsar med vinranker. Ved Naumburg mottar ho den djupe elva Unstrut og renn forbi Weißenfels, Merseburg, Halle, Bernburg og Calbe. Saale munnar ut i Elbe like før Barby etter ei lengd på 413 km.

Elva er framkommeleg frå Naumburg med hjelp av sluser og er forbunde til Weiße Elster nær Leipzig via ein kanal. Jordsmonnet i dei nedre delane av dalen hennar er svært frodig og av avlingane her finn ein sukkerroe. Av sideelvar til Saale finn ein Weiße Elster, Regnitz og Orla frå høgre og Ilm, Unstrut, Salza, Wipper og Bode frå venstre. Dei øvre delane av elva er bratt. I dalen, ned til Merseburg, ligg det mange slått på høgdene langs elva.

Kjelde