Refleksjonsseismikk: Skilnad mellom versjonar
Inkje endringssamandrag |
Inkje endringssamandrag |
||
Line 8: | Line 8: | ||
I marin seismikk blir det slept ein eller fleire lange kablar, såkalla streamarar, bak båten, og dessutan luftkanoner, såkalla «gun arrays». Typisk kan slike streamarar vere frå 4000 til 10000 meter lange. Streamarane blir gjerne slept på ei djupne kring 6 til 9 meter. Djupna på streamerane blir kontrollert med dykkeplan på kablane, såkalla «birds». Eit seismikkskip vil slepe desse kablane i rundt farten til 4,5 knop, og leier inn mange, små følgjeskip som sørgjer for å halde fiskefartøy og andre skip unna slepet. |
I marin seismikk blir det slept ein eller fleire lange kablar, såkalla streamarar, bak båten, og dessutan luftkanoner, såkalla «gun arrays». Typisk kan slike streamarar vere frå 4000 til 10000 meter lange. Streamarane blir gjerne slept på ei djupne kring 6 til 9 meter. Djupna på streamerane blir kontrollert med dykkeplan på kablane, såkalla «birds». Eit seismikkskip vil slepe desse kablane i rundt farten til 4,5 knop, og leier inn mange, små følgjeskip som sørgjer for å halde fiskefartøy og andre skip unna slepet. |
||
Rundt rekna kvart 10. sekund vil det bli sloppe ut luft under høgt trykk, eit såkalla skot, som dannar ei [[sjokkbølgje]] som forplantar seg gjennom vatnet og ned i havbotn. Ekkoet av denne sjokkbølgja blir teke opp ved hjelp av streamerane. Ved hjelp av avansert signalhandsaming ombord og seinare datahandsaming på land får ein detaljerte kart over geologien på havbotn. Med marin seismikk kartlegg ein eit område tilsvarande det landseismikk |
Rundt rekna kvart 10. sekund vil det bli sloppe ut luft under høgt trykk, eit såkalla skot, som dannar ei [[sjokkbølgje]] som forplantar seg gjennom vatnet og ned i havbotn. Ekkoet av denne sjokkbølgja blir teke opp ved hjelp av streamerane. Ved hjelp av avansert signalhandsaming ombord og seinare datahandsaming på land får ein detaljerte kart over geologien på havbotn. Med marin seismikk kartlegg ein eit område tilsvarande det landseismikk nyttar eit døgn på i løpet av 2 minutt. |
||
==Nytte av seismikkbileta== |
==Nytte av seismikkbileta== |
Versjonen frå 8. oktober 2011 kl. 16:15
Seismikk eller refleksjonsseismikk er ein geofysisk måte å undersøkja undergrunnen på. Resultatet er eit «kart» som viser dei geologiske strukturane.
Oljebransjen er den største kjøparen av seismikk fordi seismikk er eit godt verktøy for å leite etter olje og gass. Metoden går ut på at ein sender ei trykkbølgje (frå ein luftkanon, dynamitt eller ein stor vibrator) ned i jorda, deler av denne trykkbølgja vert reflektert når ho kjem til ei geologisk grense. Signalet blir reflektert tilbake til overflata etter nokre sekund. Kor lang tid signalet brukar opp og ned seier noko om kor langt ned i jorda den geologiske grensa er. Med moderne teknologi kan ein lage enorme tredimensjonale kart over undergrunnen.
Seismikk blir ofte delt inn i to delar. Landseismikk og marin seismikk. Landseismikk er veldig arbeidsintensivt, ofte er det 200 mann involvert i dette og det tek lang tid å kartleggje eit område. Lange kablar (som mottakarar av signalet reflekterast i) må fraktast (berast) og tråkkast ned i jorda. Deretter grev ein eit hol og fyllar det med dynamitt. Seinare flyttar ein heile opplegget t.d. 20 meter der ein grev eit nytt hol og operasjonen held fram. Dette er mykje brukt i «oljeland» som t.d. landa i Midtausten.
I marin seismikk blir det slept ein eller fleire lange kablar, såkalla streamarar, bak båten, og dessutan luftkanoner, såkalla «gun arrays». Typisk kan slike streamarar vere frå 4000 til 10000 meter lange. Streamarane blir gjerne slept på ei djupne kring 6 til 9 meter. Djupna på streamerane blir kontrollert med dykkeplan på kablane, såkalla «birds». Eit seismikkskip vil slepe desse kablane i rundt farten til 4,5 knop, og leier inn mange, små følgjeskip som sørgjer for å halde fiskefartøy og andre skip unna slepet.
Rundt rekna kvart 10. sekund vil det bli sloppe ut luft under høgt trykk, eit såkalla skot, som dannar ei sjokkbølgje som forplantar seg gjennom vatnet og ned i havbotn. Ekkoet av denne sjokkbølgja blir teke opp ved hjelp av streamerane. Ved hjelp av avansert signalhandsaming ombord og seinare datahandsaming på land får ein detaljerte kart over geologien på havbotn. Med marin seismikk kartlegg ein eit område tilsvarande det landseismikk nyttar eit døgn på i løpet av 2 minutt.
Nytte av seismikkbileta
Eldre og mindre seismikkskip slepar få (2-5) streamerar for produksjon av todimensjonale seismokkbilete, medan trenden i industrien er større skip med fleire (inntil 16) streamerar som produserer tredimensjonale bilete. Tredimensjonale tenester er dyrare men meir etterspurte gjennom å auke styrken i den geologiske analysen. Det er ulike marknader og nisjar for to- og tredimensjonale tenester, der todimensjonale seismikkskip er konkurransedyktige i mindre kjøpesterke marknader og i grunnare farvatn. Verdsrekorden i mengder slepte streamerar er 17 stk, sett av seismikkskipet «Ramform Sovereign», ått av PGS. Dette vart gjort på Gullfaksfeltet i mai 2008.
Det er to ting ein kan sjå på seismikken som oljegeologane er interessert i. Der det er høve for at olja blir samla opp (feller), og kva for ruter olja flyttar seg etter at han er danna (migrasjonsvegar). Ein kan skyte seismikk i eit område utan at ein planlegg å bore der.
Ved marin seismikk har kjelda (luftkanonen) lite eller ingen innverknad på dyrelivet, korkje sjøpattedyr eller fisk blir skremt. Ofte ligg fiskebåtar rett ved sida av eller bak seimikkbåten og fiskar som normalt. Likevel er seimikkfartøy ofte ei hindring for fiskebåtane (og vice versa) fordi fiskebåtane ikkje kan krysse over dei lange kablane og det blir kravd ein tryggleikssone rundt.
Seismikk-selskap
Geophysical Service Incorporated (GSI) var blant dei mest suksessfulle seismikkselskapa i meir enn 50 år. GSI-medarbeidaren Henry Salvatori etablerte i 1933 eit anna seismikkselskap, Western Geophysical. Europeiske pionerselskap er GECO, Seismos og Prakla, som er dotterselskapet til WesternGeco. Dei største seismikkselskapa i dag er CGGVeritas, ION Geophysical og Petroleum Geo-Services. Eit mindre norsk-britisk selskap er Seabird Exploration, med hovudkvarter i Dubai og børsnotering i Oslo.
Kjelder
- Denne artikkelen bygger på «Seismikk» frå Wikipedia på bokmål, den 10. september 2010.