IPod Touch: Skilnad mellom versjonar
s r2.7.1) (robot endra: tr:IPod Touch |
s robot la til: is:IPod touch |
||
Line 153: | Line 153: | ||
[[hr:IPod Touch]] |
[[hr:IPod Touch]] |
||
[[id:IPod Touch]] |
[[id:IPod Touch]] |
||
[[is:IPod touch]] |
|||
[[it:IPod touch]] |
[[it:IPod touch]] |
||
[[he:IPod Touch]] |
[[he:IPod Touch]] |
Versjonen frå 14. august 2011 kl. 15:07
Opprydding: Denne artikkelen kan ha godt av ei opprydding. Sjå korleis du redigerer ei side og stilmanualen for hjelp. |
[[Fil:|frameless]] | |||
Lansert | August 2007 | ||
---|---|---|---|
Skjerm | 3.5" | ||
Operativsystem | iOS (iOS, bokmål) | ||
Nyaste versjon | 4.0 | ||
Minne | 8/32/64GB | ||
Batteri | 7 timar med video og 40 timar med musikkavspeling | ||
Nettverk | WiFi (802.11b/g/n) | ||
Kopling | Macintosh eller PC via Apples dock-tilkobling og Wifi | ||
Storleik | 110 x 58.9 x 6.2 mm | ||
Vekt | 101 gram | ||
Nettstad | [http://www.apple.com/no/ipodtouch www.apple.com/no/ipodtouch] |
iPod touch er ein en MP3-spelar som høyrer til iPod-serien som Apple produserer. iPod Touch blei lansert i august 2007 av Steve Jobs (adm.dir. Apple) etter førespurnader om å lage ein iPod meir lik iPhone (som dei lanserte 29. juli 2007). Skjermen snur seg alt etter kva veg du held den og er alltid vassrett. iPod touch liknar veldig på iPhone og for å navigere rundt i operativsystemet, treng du berre bruke fingeren din til å trykkje på skjermen. Det gjeld òg når du skal skrive, då kjem det opp eit lite tastatur på skjermen.
iPod touch-program
I tillegg til Musikk-programmet og Video-programmet er det nokre andre program som allereie ligg på iPoden når du kjøper den.
FaceTime
Med iPod touch 4G kan ein videoringe med frontkameraet, til andre iPod touch (4G)-brukarar og iPhone 4-brukarar. Sida den ikkje kan kople seg på mobilnettet, må ein vere kopla til WiFi for å ringje.
Safari
iPod touch brukar Safari som er ein nettlesar Apple har laga (nettlesaren finst og for Mac OS). Programmet kan ha fleire vindauga opne og ein kan vende skjermen horisontalt slik at skjermen vert betre utnytta.
iPod touch har eit epostprogram som ein kan sende tekst og bilete med. Det er mulig å lagra bilete, men lagring av musikkfiler, som MP3, ikkje er mulig. Mail-programmet kan òg lese PDF, Microsoft Word og Microsoft Excel.
Bilder
Frå dette programmet kan ein sende bilete med "Mail" til andre. Ein kan og sjå på bileta ein har lagt til på førehand (på datamaskina) som ein lysbileteserie, eller bileta ein har teke (4. gen). Det går òg an å snu iPoden slik at du ser bileta i "landskapmodus".
Kamera
Dette programmet liknar veldig på kamera-programmet til iPhone. Ein kan ta bilete/filme med både frontkameraet og kameraet på baksida og den kan også ta HDR-bilete.
Kalender
Her kan du leggja til hendingar og avtalar du har, rett inn i kalenderen som du seinare kan synkronisere med datamaskina.
YouTube
Dette er eit program som gjer at ein kan søkje og vise YouTube-videoar. Du kan òg logge inn på brukarkontoen din og sjå videoar du sjølv har lasta opp, favorittvideoane dine og kommentere.
Aksje
Det ligg òg eit program innpå som gjer at ein kan følgje med på aksjekursar og vise ein statistikk over den siste dagen, månaden, eller året.
Vær
Her kan du søkje på mange plassar/postnummer og få opp vêrmeldinga for sju dagar. Den hentar vêrmelding frå "Yahoo!".
Klokke
Dette programmet syner deg klokkeslettet for den staden du er og dei plassane du har velt. Du kan og sette på alarmar, stoppeklokke med rundetider og timer(nedtellingsur).
Kalkulator
Med dette programmet kan du rekne ut enkle reknestykker, og om du snur den får du opp ein meir avansert kalkulator.
Kart
Kart-programmet brukar eit kart frå Google som heiter "Google Maps". I tillegg til vanleg kart, kan du sjå kartet i satellittbilete, hybrid og frå gata (Street View). Ein kan òg få vegbeskriving frå ein stad til ein anna, til dømes for bilkøyring.
iTunes
Programmet gjer det mulig å handle musikk via iTunes Store på iPod touch med WiFi-tilkopling.
App Store
App Store liknar veldig på "iTunes", berre at i staden for musikk, er det program ein kan kjøpe. Det er òg ein god del program som er gratis. Det er no over 140 000 program i App Store.
Modellar
Generasjon | Kapasitet | Farge | Kopling (for syncing) | Lanseringsdato | Minimum OS til å synkronisere | Batteri (timer) |
---|---|---|---|---|---|---|
Fyrste | 8 GB | Svart | USB 2.0 (FireWire bare for lading) | 5. September 2007 | Mac: 10.4.10 Windows: XP SP2 |
lyd: 22 video: 5 |
16 GB | ||||||
32 GB | ||||||
Andre | 8 GB | Svart | USB 2.0 | 9.September 2008 | Mac: 10.4.10 Windows: XP SP2 |
lyd: 30 video: 6 |
16 GB | ||||||
32 GB | ||||||
Tredje | 32 GB | Svart | USB 2.0 | 9. September 2009 | Mac: 10.4.11 Windows: Windows Vista, Home, XP SP3 |
lyd: 30 video: 6 |
64 GB | ||||||
Fjerde | 8 GB | Svart | USB 2.0 | 8. September 2010 | Mac: 10.5.8 Windows: XP SP2, Windows Vista, Windows 7 |
lyd: 40 video: 7 |
32 GB | ||||||
64 GB |