Dødsstraff: Skilnad mellom versjonar
s robot la til: kn:ಮರಣದಂಡನೆ |
s robot la til: krc:Асмакъ |
||
Line 147: | Line 147: | ||
[[he:עונש מוות]] |
[[he:עונש מוות]] |
||
[[kn:ಮರಣದಂಡನೆ]] |
[[kn:ಮರಣದಂಡನೆ]] |
||
[[krc:Асмакъ]] |
|||
[[sw:Adhabu ya kifo]] |
[[sw:Adhabu ya kifo]] |
||
[[la:Poena capitalis]] |
[[la:Poena capitalis]] |
Versjonen frå 30. april 2010 kl. 21:19
Dødsstraff er ein straffemetode der ein tek livet av ein person som straff for eitt eller fleire påståtte brotsverk.
Nesten alle samfunn har gjennom historia nytta dødsstraff. Dei vanlegaste brotsverka som har vore knytte til dødsstraff opp gjennom historien er drap, valdtekt og grov vald, men blasfemi og opposisjon til styremaktene er òg vorte straffa slik ei rekkje stader.
Drap har til alle tider vore knytt til dødsstraff. I bibelsk tid var dødsstraff ved steining vanleg ved brot på religiøse tabu. I Noreg var landssvik i krigstid knytt til dødsstraff heilt fram til nyleg.
Dødsstraff i Noreg
Noreg avskaffa dødsstraff i 1979, men det var mogleg å gjeninnføre den ved ein krigssituasjon. Noregs engasjement med å få avskaffa dødsstraff internasjonalt gjorde at ein i 1991 forplikta seg på ein FN-avtale som forbyr, under alle omstende, å nytta dødsstraff. Den siste avrettinga (militær straffelov) her i landet vart utført i 1948. Sivil dødsstraff vart avskaffa ved den nye straffelova av 1902 og i perioden mellom 1842 og 1902 vart 40 personar dømde til døden. Berre ni av desse vart avretta og Kristoffer Nilsen Svartbækken Grindalen var den siste sivile som vart avretta i Noreg (i 1876). Den vanlegaste avrettingsmetoden på 1800-talet var halshogging.
Avrettingane på 1800-talet var ofte offentlege, med eit stort publikum til stades. Ein prest var ofte med på avrettinga. Det var ikkje uvanleg at presten og den dømde ba «Fader vår» då den dømde vart halshogd.
Etter andre verdskrigen vart 25 personar, mellom dei Vidkun Quisling, avretta i det såkalla landssvikoppgjeret. Den vanlege metoden for avrettingane var då skyting.
Dødsstraff i USA
38 av dei 50 delstatane i USA nyttar dødsstraff, i tillegg til dei føderale styremaktene. Kvar stat har eigne lover om dødsstraff. USA har alltid nytta dødsstraff, bortsett frå i ein periode mellom 1967 og 1976. 1 000 personer har vorte avretta sidan 1976 (pr. 2. desember 2005). Totalt sit det i dag 3 565 personar på dødscelle i USA.
Den mest nytta avrettingsmetoden i dag er giftsprøyta, som er tillaten i 37 av 38 delstatar. I Nebraska er berre den elektriske stolen tillaten. Tidlegare var henging meir vanleg.
Dødsstraff i verda
Dødsstraff er avskaffa i dei fleste europeiske landa, men vert enno nytta i mange utviklingsland og i USA. Dei fyrste landa som avskaffa dødsstraff i grunnlova, var Tyskland og Costa Rica, i 1949 (éin tysk delstat, Hessen, har formelt dødsstraff, men praktiserer ho ikkje).
Dei to siste avrettingane i Storbritannia fann stad (ved henging) i 1964, då det vart innført ein femårig prøvestans på dødsstraff. Prøvestansen vart gjort permanent i 1969. Fram til 1998 opna likevel lova for å døma til dødsstraff for høgforræderi i krigs- og fredstid. Etter det vart den siste fungerande galgen, som stod i Wandsworth-fengslet i London, demontert og fjerna.
I 1975 fann dei siste avrettingane i Spania stad (ved skyting), tre år før dødstraffa vart oppheva ved lov. Det siste landet i Vest-Europa som nytta dødsstraff var Frankrike, der giljotinen vart nytta siste gong i 1977, for så å verta avskaffa fire år seinare.
Ifølgje den årlege rapporten frå Amnesty International om dødsstraff vart det i 2004 utført 3 797 avrettingar i 25 land, 90 prosent av dei i Folkerepublikken Kina
Dei 12 landa som utførte flest avrettingar i 2004 var
Land | Avrettingar | Avrettingar per 100 millioner innbyggjarar | |
1 | Folkerepublikken Kina | 3 400+ | 260 |
2 | Iran | 159+ | 230 |
3 | Vietnam | 64+ | 77 |
4 | USA | 59 | 20 |
5 | Saudi-Arabia | 33+ | 130 |
6 | Pakistan | 15+ | 9,4 |
7 | Kuwait | 9+ | 400 |
8 | Bangladesh | 7+ | 5 |
9 | Egypt | 6+ | 7,9 |
10 | Singapore | 6+ | 140 |
11 | Jemen | 6+ | 30 |
12 | Kviterussland | 5+ | 48 |
Metodar for avretting
Menneske har funne opp ei rekkje metodar for avretting gjennom tidene. Det har foregått ei utvikling av metodane. Eldre metodar er basert på høg grad av smerte, gjerne over lang tid, mens metodane som vert brukte no i regel er raske, «kliniske» og mindre smertefulle. Steining er eit klart unnatak frå dette. Alle metodar for avretting kan føre med seg stor fysisk og psykisk smerte. Særleg elektrisk stol og giftsprøyte har fått hard kritikk i dei seinere åra.
Metodar for avretting i bruk i dag
- Elektrisk stol (USA)
- Gasskammer (USA)
- Giftsprøyte (USA)
- Halshogging (Saudi-Arabia)
- Henging (Filippinene, Iran, Japan, Irak og USA)
- Skyting (Folkerepublikken Kina, Indonesia og Utah, USA)
- Steining (Iran, Afghanistan)
Tidlegare metodar
- Bambustortur (at bambus veks inn i hjarta) (Japan)
- Blodørn (Noreg i vikingtida)
- Brenning (Vest-Europa)
- Drukning (Frankrike)
- Flåing (Romarriket)
- Garottering (Spania)
- Giftbeger (Antikkens Hellas)
- Giljotin (Frankrike, Italia, Tyskland og Sverige)
- Henging, trekking og kvartering (England / Storbritannia)
- Kjølhaling (Vest-Europa, også ein ikkje-dødeleg straffemetode)
- Koking til døde (Europa og Asia)
- Krossfesting (Romerriket)
- Kvartering (Europa, især Frankrike ))
- Messingoksen (Sicilia i antikken)
- Pressing
- Radbrekking (Noreg, Sverige og Tyskland)
- Skyting med pil (Romarriket og Indianarane)
- Stegle og hjul (Frankrike, Tyskland, Sverige, Noreg, Danmark)