Hopp til innhald

Profetar i islam: Skilnad mellom versjonar

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Sletta innhald Nytt innhald
SieBot (diskusjon | bidrag)
SieBot (diskusjon | bidrag)
s robot la til: jv:Nabi Islam
Line 33: Line 33:
[[it:Profeti dell'Islam]]
[[it:Profeti dell'Islam]]
[[he:נביאי האסלאם]]
[[he:נביאי האסלאם]]
[[jv:Nabi Islam]]
[[lv:Islāma pravieši]]
[[lv:Islāma pravieši]]
[[ml:ഇസ്ലാമിലെ പ്രവാചകന്മാര്‍]]
[[ml:ഇസ്ലാമിലെ പ്രവാചകന്മാര്‍]]

Versjonen frå 21. september 2009 kl. 04:16

Islam
Sentrale personar
Muhammed

AliAisjaFølgjesveinene til MuhammedAndre profetar i islam

Geistlege
muaddhinimammullahayatollahmufti

Koranen identifiserer 25 profetar (nabi) for islam med namn, men ei vanleg oppfatting i islam er at det har vore 124.000 profetar opp gjennom historia og Koranen seier at Gud har send ein profet til kvart folk.

Berre ein liten minoritet av profetane vert rekna å ha vorte send heilage bøker, som Toraen og Koranen og desse profetane vert rekna å vera bodbringarar eller rasul. I islamsk tru vert Muhammed rekna å ha kome med ein profetisk bodskap til heile menneskeætta heller enn eit avgrensa folk, og han vert rekna for å vera den siste profeten.

Tradisjonelt vert fem profetar rekna som særleg viktige i islam, Nuh (Noah), Ibrahim (Abraham), Musa (Moses), Isa (Jesus) og Muhammed.

Koranen nemner også Adam, Idris (Enok), Hud, Saleh (Shelah), Lut (Lot), Ismail (Isjmael), Ishaq (Isak), Yaqub (Jakob), Yusuf (Josef), Ayub (Job), Shoaib (Jetro), Zulkifl (moglegvis Esekiel), Daud (David), Sulayman (Salomo), Ilyas (Elias), Al-Yasa (Elisja), Yunus (Jonah), Zakariah (Zakarja) og Yahya (Johannes døyparen).