Vegard Ulvang (fødd 10. oktober 1963) er ein norsk langrennslaupar frå Kirkenes i Sør-Varanger kommune.

Vegard Ulvang


Statsborgarskap Noreg
Fødd 10. oktober 1963 (61 år)
Kirkenes
Idrett langrenn
Tok del i Vinter-OL 1992, Vinter-OL 1994, Vinter-OL 1988, langrenn under Vinter-OL 1992, Ski-VM 1987, Ski-VM 1989, Ski-VM 1991, Ski-VM 1993, Ski-VM 1995
Utmerkingar Holmenkollmedaljen, Sportsjournalistenes statuett, Finnmark fylkes kulturpris, Årets Fjellgeit, Peer Gynt-prisen, Folkets idrettspris

Han var med i OL i Calgary (1988), Albertville (1992) og på Lillehammer (1994) og fekk tre gull, to sylv og ein bronsemedalje. I perioden 1989–1997 vann han 9 renn i verdscupen. Han vann verdscupen samanlagt i 1990 og kom på andreplass i 1989 og 1992.

Etter at Ulvang la opp som skirennar har han byrja med ein eigen kleskolleksjon, og var elles ofte å sjå på TV 2 saman med Arne Hjeltnes, Arne Brimi og Bjørn Dæhlie i programmet Gutta på tur.

Prisar og utmerkingar

endre

Bakgrunnsstoff

endre