Skjelkrypdyr
Skjelkrypdyr (Squamata) utgjer ei av dei fire hovudgruppene av reptil (Reptilia). Med sine 11 867 kjente artar per 2025,[1] utgjer dei ein stor del av landvirveldyra, fleire enn pattedyrklassen, som tel rundt 6400 artar. Over 96 % av dei kjende nolevande reptilartane er skjelkrypdyr.[2]
Skjelkrypdyr | |
Utbreiing | |
Utbreiinga av skjelkrypdyr | |
Systematikk | |
Rike: | Dyr Animalia |
Rekkje: | Ryggstrengdyr Chordata |
Underrekkje: | Virveldyr Vertebrata |
Overklasse: | Tetrapodar Tetrapoda |
Klasse: | Krypdyr Reptilia |
Infraklasse: | Lepidosauromorpha |
Overorden: | Lepidosauria |
Orden: | Skjelkrypdyr Squamata Oppel, 1811 |
Dei fleste skjelkrypdyr er middels store dyr. Dei største nolevande artane er nettpyton (Python reticulatus) og anakonda (Eunectes murinus), som kan bli seks til sju meter lange. Den minste arten er Brookesia micra, ein kamelon med stubbhale som berre blir tre centimeter lang. Alle skjelkrypdyr har ein meir eller mindre langstrekt kropp, ofte med sirkulært tverrsnitt, men han kan også vere flattrykt eller høgrygga, slik som kameleonar.
Utbreiing
endreSkjelkrypdyr finst i nesten alle terrestriske habitat og lever på alle kontinent bortsett frå Antarktis. Med havslangane (Hydrophiinae) har dei også kolonisert kystområda i tropiske hav. Dei fleste artane lever i tropane, medan artsrikdommen minkar mot nord. I store delar av Canada, Alaska, Grønland og Nord-Sibir er skjelkrypdyr fråverande. Dei nordlegast utbreidde reptila er stålorm (Zootoca vivipara) og hoggorm (Vipera rus), som begge finst nord for polarsirkelen. Det sørlegaste skjelkrypdyret er øglearten Liolaemus magellanicus, som lever på Eldlandet. I Noreg lever fem artar: øglene nordfirfisle og stålorm, og slangeartane buorm, slettsnok og hoggorm.
Kjenneteikn
endreHud
endreSkjela på huda varierer mykje i storleik og form. Hos gekkoar er skjela svært fine, medan dei hos andre artar kan bestå av flate, glatte eller ribba plater, eller dei kan vere utstyrte med tornar eller knutar. Leguanar har ofte kamliknande piggar langs nakken, ryggen, halen eller strupen. Øgler som lever i sanddyner har skjelkantar på tærne som hindrar dei i å søkke ned i sanden, og basiliskar kan bruke desse kantane til å springe over vatn. Gekkoar og anolisøgler har spesielle gripeputer under tærne som består av mange små hår og gjev feste på glatte flater.
Den ytste delen av overhuda veks ikkje med dyret, og blir skrelt av regelmessig. Øgler skiftar hud i bitar kvar tredje til fjerde veke, medan slangar og kameleonar skiftar hud i eitt stykke etter seks til ti månader. Gekkokrypdyr et ofte si eiga hud etter hamskifte.
Skjelett
endreSkjeletta åt skjelkrypdyr er ofte tilpassa ulike livsformer. Dei fleste har fem halsvirvlar, men varanar kan ha opptil ni. Slangar har over 400 virvlar, og opptil 300 er kroppvirvlar med ribbein. Firbeinte artar har skulderbelte, medan artar utan lemmar, som slangar, manglar dette.
Beinreduksjon er vanleg i mange skjelkrypdyrgrupper. Blant gekkoar har finnefotøgler små bein, medan mange skinker og slektningar er heilt beinlause. Slangar manglar forbein, men nokon, som boaslangar, har rudimentære hoftebein.
Sanseorgan
endreStorleiken på auga varierer mykje, frå svært store hos nattaktive artar til nærast reduserte hos enkelte blinde slangar. Dei fleste nattaktive skjelkrypdyr har loddrette pupillar, medan dagaktive artar har runde pupillar. Nokon artar, som kameleonar, har evna til å sjå i fleire retningar samtidig, og visse gekkoar har fargesyn om natta.
Det luktkjenslevare vomeronasalorganet er viktig for luktsansing. Mange artar bruker tunga til å samle luktpartiklar som blir førte til dette organet.
Smaksløkar finst på tunga og i ganen. Ein studie frå 2001 viste at anolisøgler kan skilje mellom bitre og søte smakar, noko som tyder på at skjelkrypdyr har ein aktiv smakssans.
Gekkoar har også vist evne til å navigere ved hjelp av jordas magnetfelt, noko som vart stadfesta i eit eksperiment i 2010.[3]
Forplanting
endreSkjelkrypdyra formeirar seg ved indre befrukting. Hannen bruker éin av sine to hemipenisar under paringa, avhengig av kva side han er på i forhold til hoa.
Dei fleste skjelkrypdyr legg egg med eit pergamentsaktig skal som kan absorbere vatn under inkubasjonen. Nokon artar, som mange gekkoar, legg likevel egg med kalkskal. Hos enkelte artar, som boaslangar og sandboaer, har levendefødsel (vivipari) utvikla seg fleire gonger uavhengig av kvarandre.
Partenogenese (jomfrufødsel) er utbreidd hos visse skjelkrypdyr. Det vart først oppdaga hos kaukasiske steinøgler, men finst også hos fleire andre grupper inkludert gekkoartar, nattøgler, dvergtejuar og ormeslangar.
Hos nokon artar, som pytonslangar, utfører hoa ei form for rugepleie ved å leggje seg rundt egga og generere varme ved muskelrørsler. Hos nokon artar blir kjønn bestemt av temperaturen under siste del av inkubasjonen – høge temperaturar gjev hannar, medan låge temperaturar gjev hoer.
Etter klekking er ungar av skjelkrypdyr sjølvstendige og liknar dei vaksne dyra.
Kjelder
endre- Denne artikkelen er byggjer på «Schuppenkriechtiere» frå Wikipedia på tysk, den 4. januar 2025
- ↑ Squamata I: The Reptile Database
- ↑ Nicolas Vidal, S. Blair Hedges: The phylogeny of squamate reptiles (lizards, snakes, and amphisbaenians) inferred from nine nuclear protein-coding genes. (PDF; 164 kB). In: Comptes Rendus Biologies. 328, Nr. 10–11, 2005, S. 1000–1008, doi:10.1016/j.crvi.2005.10.001.
- ↑ C. Marek, N. Bissantz, E. Curio, A. Siegert, B. Tacud & D. Ziggel: Spatial orientation of the Philippine bent-toed gecko (Cyrtodactylus philippinicus) in relation to its home range. In: Salamandra. Band 46, Nr. 2, 2010, S. 93–97
Bakgrunnsstoff
endre- Schmidt, Karl P. (1966). Krypdyr. Oslo: Studieforlaget. s. 70–.
- O'Shea, Mark (2002). Krypdyr og amfibier. Oslo: Damm. s. 58–. ISBN 8249601637.
- (no) skjelkrypdyr hos Artsdatabanken
- (en) skjelkrypdyr – oversikt og omtale av artane i WORMS-databasen
- (en) skjelkrypdyr i Encyclopedia of Life
- (en) skjelkrypdyr i Global Biodiversity Information Facility
- (sv) skjelkrypdyr hos Dyntaxa
- (en) skjelkrypdyr hos Fauna Europaea
- (en) skjelkrypdyr hos Fossilworks
- (en) skjelkrypdyr hos ITIS
- (en) skjelkrypdyr hos NCBI
- (en) Kategori:Squamata – bilete, video eller lyd på Wikimedia Commons
- Squamata – detaljert informasjon på Wikispecies