Riyadh-regionen
(Omdirigert frå Riyadh-provinsen)
Riyadh-regionen (arabisk منطقة الرياض, romanisert Manţiqat ar Riyāḍ) er ein region (mintaqah) i Saudi-Arabia, òg kalla Al-Wosta, i midten av landet. Han har eit areal på 412 000 km² og eit folketal på 6 777 146 i 2010, og er den nest største provinsen i landet både etter areal (bak Austprovinsen) og folketal (bak Mekka-regionen). Hovudstaden er byen Riyadh, som òg er den nasjonale hovudstaden. Meir enn 75 % av innbyggjarane i provinsen bur i Riyadh.
Riyadh | |||
الرياض | |||
Region | |||
Al-'Uyayna er ein landsby i central Saudi-Arabia
| |||
Land | Saudi-Arabia | ||
---|---|---|---|
Hovudstad | Riyadh | ||
Areal | 412 000 km² | ||
Folketal | 6 777 146 (2010)[1] | ||
Postnummer | 01 | ||
Riyadh-regionen 23°00′N 45°30′E / 23°N 45.5°E | |||
Kart som viser Riyadh-regionen.
| |||
Wikimedia Commons: Riyadh Province |
Inndeling
endreI tillegg til kommunen Riyadh, er regionen delt inn i 19 guvernement (muhafazat) og eitt underguvernement (markaz):
- Layla i Saudi-Arabia
- 'Afif
- al-Duwadmi
- al-Ghat
- al-Gway'iyyah
- al-Hareeg
- Al-Kharj
- Al Majma'ah
- Al-Muzahmiyyah
- al-Sulayyil
- Dhruma
- Dir'iyyah
- Hotat Bani Tamim
- Huraymila
- Rumah
- Shaqraa
- Thadig
- Wadi ad-Dawasir
- Zulfy City
- Underguvernementet (markaz) Marat, som er knytt direkte til kommunen Riyadh.
- Yabrin
Kjelder
endre- ↑ 1,0 1,1 1,2 1,3 «تعداد السكان والمساكن». Henta 10. juli 2020.
- Denne artikkelen bygger på «Riyadh Province» frå Wikipedia på engelsk, den 14. mars 2016.