Rogn
- For andre tydingar av oppslagsordet, sjå fiskerogn.
Rogn (Sorbus aucuparia) eller raun er eit lauvtre i planteslekta Sorbus og sorterer under rosefamilien. Namnet rogn kjem frå norrønt «reynir» som har samanheng med ordet raud.
Rogn | |
Rogn | |
Utbreiing og status | |
Status i verda: Livskraftig Utbreiinga av rogn | |
Systematikk | |
Rike: | Planteriket Plantae |
Rekkje: | Karplantar Tracheophytes |
Underrekkje: | Frøplantar Spermatophytes |
Orden: | Roseordenen Rosales |
Familie: | Rosefamilien Rosaceae |
Underfamilie: | Eplefamilien Maloideae |
Slekt: | Asalslekta Sorbus |
Art: | Rogn S. aucuparia |
Vitskapleg namn | |
Sorbus aucuparia |
Skildring
endreVekstform
endreRogn veks som pionertre og i skogbryn over heile Europa, bortsett frå i Middelhavslanda og i Alpane. Treet finst i heile Noreg og opp til 1500 moh. i sør. Det veks i alle jordtypar, frå våt og sur jord til næringsfattig sandjord. Rogna er lyskrevjande, men toler vind. Rognetre kan bli opptil hundre år gamle.
Treet kan bli opp til 10 meter høgt, avhengig av klima. Langs kysten og i fjellet kan rogn også vere i buskeform. Unge tre er slanke og kjegleforma, men etter som tida går blir dei meir avrunda og buskete. Dette er fordi treet ofte manglar eigentlege toppskot.
Borken er brun og glatt. På eldre tre kan han sprekke opp.
Blad
endreBlada er taggete og smale og sit parvis saman. Treet feller dei om hausten.
Blomar og bær
endreRogna har talrike kvite blomar i ein halvskjerm som blir til små, epleaktige bær. Blomane trekkjer til seg fluger og har difor ei sterk, stram lukt som likevel ikkje rekk langt frå treet, slik god lukt frå til dømes syrin eller kaprifolium gjer.
Når bæra blir mogne på haustsida, får dei ei raudoransje farge. Skalet er mjukt og tynt. Dei er sure, men fuglar, særleg trost og sidensvans, likar smaken, og sørgjer for at dei blir spreidde. Nye rognetre kan veksa så godt som overalt: På tak, murar, i bergveggar, og i kronene eller stubbane av gamle tre.
Rogn i kulturen
endreRognetru
endreRogna skal ha sterke magiske krefter, og er blitt brukt som tuntre i både Skottland og Finland for å verna mot alt vondt. I norrøn tid var treet vigd guden Tor, og det opptrer i fleire segner.
I Noreg knyter det seg særleg magiske førestillingar til flogrogn, det vil seia rogn som har spira og slege rot oppe i andre tre. Ski laga av slik rogn skulle gå mest av seg sjølv, økseskaft av flogrogn gav vern mot sjølvhogg, og rogn brukt i ymse reiskapar skulle gje vern mot trolldom og vonde makter.[1]
Bruk
endreRogn blir nytta i treforedlingsindustrien og som fyringsved. Rogneveden er hard og seig, og eignar seg godt som dreieemne og som skaft til ulike verktøy. Tidlegare vart rogn òg brukt til å lage ski og på grunn av styrken har det og vore vanleg med rogn til sleggeskaft[2].
Borken kan brukast til garving og har òg vore brukt som dyrefôr.
Bæra er sure, men kan nyttast i til dømes rognebærgelé. Frysing av bæra gjer dei mindre sure, men senker òg innhaldet av pektin slik at dei blir mindre eigna til gelélaging. Rognebær skal òg vera ein viktig ingrediens i brennevinet Gammel Dansk.
Tidlegare blei rognebær brukt som urindrivande middel, mot nyrestein og mot skjørbuk.
Ville dyr som elg et gjerne bork, tynne kvistar og blad av rogn.
Kommuneblom
endreRogn er kommuneblomen til Skaun kommune.
På Jæren
endreFram til 1800-talet, då ein byrja med skogplanting, var rogna det einaste treslaget på Jæren.
Kjelder
endreBakgrunnsstoff
endre- (no) rogn hos Artsdatabanken
- (en) rogn i Encyclopedia of Life
- (en) rogn i Global Biodiversity Information Facility
- (sv) rogn hos Dyntaxa
- (en) rogn hos ITIS
- (en) rogn hos NCBI
- (en) rogn hos The International Plant Names Index
- (en) rogn hos Tropicos
- (en) Kategori:Sorbus aucuparia – bilete, video eller lyd på Wikimedia Commons
- (en) Sorbus aucuparia – galleri av bilete, video eller lyd på Wikimedia Commons
- Sorbus aucuparia – detaljert informasjon på Wikispecies