Poppelslekta
Poppelslekta (Populus) er ei slekt av lauvfellande plantar i vierfamilien. Ho omfattar mellomstore til store lauvtre som veks i dei fleste delar av den nordlege halvkula. Blada på mange av artane har lateralt flattrykte bladstilkar, noko som gjer at blada lett dirrar i vinden. Dette kan få heile treet til å sjå ut som om det skjelv.
Poppelslekta | |
Systematikk | |
Rike: | Planteriket Plantae |
Infrarike: | Streptophyta |
Overrekkje: | Landplantar Embryophytes |
Rekkje: | Karplantar Tracheophytes |
Underrekkje: | Frøplantar Spermatophytes |
Orden: | Vierordenen Malpighiales |
Familie: | Vierfamilien Salicaceae |
Slekt: | Poppelslekta Populus L., 1753 |
Kjempepoppel (Populus trichocarpa) var det første treet som fekk heile DNA-koden sin kartlagt. Dette blei kunngjort i Science i september 2006.[1]
Poplar i Noreg
endreDen einaste poppelarten som veks naturleg i Noreg er osp, men fleire andre artar er blitt planta i landet. Nokre av desse kan ta over frå andre plantar, og er blitt svartelista av Artsdatabanken. Dette gjeld særleg balsampoppel og berlinerpoppel. [2] Andre artar av poppel er blitt ein ikkje-invaderande del av norsk natur. Dette gjeld til dømes svartpoppel og sølvpoppel.[3]
Klassifisering
endrePoppelslekta er tradisjonelt blitt delt inn i seks seksjonar på grunnlag av utsjånaden til blad og blomar.[4] [5] Denne klassifiseringa følgjer under. Nyare genetiske studiar har i stor grad støtta opp om dette, og har også bekrefta aningar om hybridisering mellom gruppene. Nokre av artane under har ulikt slektskap i kjerne-DNA (arva frå farslinja) og kloroplast-DNA (arva frå morslinja), ein klar indikasjon på eit truleg hybrid opphav.[6] Hybridisering er framleis vanleg i slekta, og det finst fleire hybridar mellom artar frå dei ulike seksjonane.[7][8]
Utvalde artar
endreArtar der norsk namn er ukjend har engelsk namn i kursiv.
- Populus seksjon Populus – (sirkumpolar i subarktisk og kjølig temperert klima, i fjellområde lengre sør)
- Populus tremula – osp (Europa, Nord-Asia)
- Populus adenopoda – Chinese aspen (austlege Asia)
- Populus alba – white poplar (Sør-Europa til Sentral-Asia)
- Populus × canescens (P. alba × P. tremula) – gråpoppel
- Populus spp. X – Pacific albus (Nord-Amerika)
- Populus davidiana – Korean aspen (austlege Asia)
- Populus grandidentata – bigtooth aspen (austlege Nord-Amerika)
- Populus sieboldii – Japanese aspen (austlege Asia)
- Populus tremuloides – amerikaosp (Nord-Amerika)
- Populus seksjon Aigeiros (Nord-Amerika, Europa, vestlege Asia; temperert klima)
- Populus deltoides – eastern cottonwood (austlege Nord-Amerika)
- Populus fremontii – Fremont cottonwood (austlege Nord-Amerika)
- Populus nigra – black poplar (Europa), plassert her av kjerne-DNA; cpDNA plasserer det i seksjonen Populus (inkl. Populus afghanica)
- Populus × canadensis (P. deltoides × P. nigra) – kanadapoppel
- Populus × inopina (P. nigra × P. fremontii) – hybrid black poplar
- Populus seksjon Tacamahaca (Nord-Amerika, Asia; kjølig temperert)
- Populus angustifolia – willow-leaved poplar, narrowleaf cottonwood (sentrale Nord-America)
- Populus balsamifera – balsampoppel (nordlege Nord-Amerika) (= P. candicans, P. tacamahaca)
- Populus cathayana – (Nordaust-Asia)
- Populus koreana J.Rehnder – Korean poplar (Nordaust-Asia)
- Populus laurifolia – laurbærpoppel (Sentral-Asia)
- Populus maximowiczii A.Henry – Maximowicz' poplar, Japanese poplar (Nordaust-Asia)
- Populus simonii – kinapoppel (Nordaust-Asia)
- Populus suaveolens Fischer – Mongolian poplar (Nordaust-Asia)
- Populus szechuanica – Sichuan poplar (Nordaust-Asia), plassert her av kjerne-DNA; cpDNA plasserer arten i seksjonen Aigeiros
- Populus trichocarpa – kjempepoppel (vestlege Nord-Amerika)
- Populus tristis (Nordaust-Asia), plassert her av kjerne-DNA; cpDNA plasserer arten i seksjonen Aigeiros
- Populus ussuriensis – Ussuri poplar (Nordaust-Asia)
- Populus yunnanensis – Yunnan poplar (Aust-Asia)
- Populus seksjon Leucoides (austlege Nord-Amerika, Aust-Asia; varm temperert)
- Populus heterophylla – downy poplar (søraustlege Nord-Amerika)
- Populus lasiocarpa – Chinese necklace poplar (austlege Asia)
- Populus wilsonii – Wilson's poplar (austlege Asia)
- Populus seksjon Turanga – subtropiske poplar (Sørvest-Asia, Aust-Afrika; subtropisk til tropisk klima)
- Populus euphratica – Euphrates poplar (Nord-Afrika, Sørvest- og Sentral-Asia)
- Populus ilicifolia – Tana River poplar (Aust-Afrika)
- Populus seksjon Abaso (Mexico; subtropisk til tropisk)
- Populus guzmanantlensis (Mexico)
- Populus mexicana – Mexico poplar (Mexico)
Kjelder
endre- ↑ Joint Genome Institute, Populus trichocarpa
- ↑ Populus balsamifera - balsampoppel, Artsdatabanken, 30. mai 2017; Populus ×berolinensis - berlinerpoppel, Artsdatabanken, 30. mai 2017
- ↑ Populus nigra - svartpoppel, Artsdatabanken, 30. mai 2017; Populus alba - sølvpoppel, Artsdatabanken, 30. mai 2017
- ↑ Rushforth, K. (1999). Trees of Britain and rope. Collins ISBN 0-00-220013-9.
- ↑ Eckenwalder, J.E. (1996). «Systematics and evolution of Populus». I R.F. Stettler; H.D. Bradshaw; P.E. Heilman; T.M. Hinckley. Biology of Populus and its implications for management and conservation. Ottawa: NRC Research Press, National Research Council of Canada. ISBN 9780660165066.
- ↑ Hamzeh, M., & Dayanandan, S. (2004). Phylogeny of Populus (Salicaceae) based on nucleotide sequences of chloroplast TRNT-TRNF region and nuclear rDNA. Amer. J. Bot. 91: 1398-1408. Available online
- ↑ Meikle, R. D. (1984). Willows and Poplars of Great Britain and Ireland. BSBI Handbook No. 4. ISBN 0-901158-07-0.
- ↑ Eckenwalder, J.E. (2001). «Key to species and main crosses». I D.I. Dickmann; J.G. Isebrands; J.E. Eckenwalder; J. Richardson. Poplar culture in North America. Ottawa: NRC Research Press. s. 325–330. ISBN 978-0-660-18145-5.
- Denne artikkelen bygger på «Populus» frå Wikipedia på engelsk, og «Poppelslekten» frå Wikipedia på bokmål den 30. mai 2017.
Bakgrunnsstoff
endre- (no) poppelslekta hos Artsdatabanken
- (en) poppelslekta i Encyclopedia of Life
- (en) poppelslekta i Global Biodiversity Information Facility
- (sv) poppelslekta hos Dyntaxa
- (en) poppelslekta hos Fossilworks
- (en) poppelslekta hos ITIS
- (en) poppelslekta hos NCBI
- (en) poppelslekta hos The International Plant Names Index
- (en) poppelslekta hos Tropicos
- (en) Kategori:Populus – bilete, video eller lyd på Wikimedia Commons
- (en) Populus – galleri av bilete, video eller lyd på Wikimedia Commons