Nizjnij Tagil
Nizjnij Tagil (russisk språk: Ни́жний Таги́л) ) er ein by i Sverdlovsk oblast i Russland. Byen ligg ved elva Tagil, rundt 130 km nord for Jekaterinburg. Han hadde i 2007 om lag 375 000 innbyggjarar.
Nizjnij Tagil Нижний Тагил | |||||
---|---|---|---|---|---|
Industribyen Nizjnij Tagil | |||||
| |||||
Plassering | |||||
Styresmakter | |||||
Land | Russland | ||||
Føderasjonssubjekt | Sverdlovsk oblast | ||||
Grunnlagd Bystatus |
1722 1919 | ||||
Borgarmeister | Nikolaj Didenko | ||||
Geografi | |||||
Flatevidd - By |
298 km² | ||||
Innbyggjarar - Totalt (2007) - folketettleik |
377 500 1 266,8 /km² | ||||
Koordinatar | 57°55′N 59°58′E / 57.917°N 59.967°E | ||||
Høgd over havet | 200 moh. | ||||
Tidssone - Ved sommartid |
YEKT(UTC+5) YEKST (UTC+6) | ||||
Diverse annan informasjon | |||||
Postnummer | 622000–622052 | ||||
Retningsnummer (tlf) | (+7)3435 | ||||
Bilnummer | 66, 96 | ||||
Nettstad: www.ntagil.ru/ |
Historie
endreHistoria til Nizjnij Tagil startar med opninga av Visokogorski jernmalmgruve i 1696. Førekomstane var usedvanleg rike og inkluderte årer av reint magnetisk jern. Det omkringliggande landskapet hadde alt som ein trengde for ein produktiv og effektiv gruve- og smelteverksemd, elvar til transport, skogar til brensel og eit passande klima.
Sjølve byen vart grunnlagt i oktober 1722, av busetnader oppretta i tilknyting til bygginga av Vijskij koparsmelteverk, eigd av Nikolaj Demidov. I løpet av dei neste tiåra utvikla byen seg til å verte eit av dei tidlege sentera for russisk industrialisering og han var ein viktig produsent av støypejern og stål. Det første russiske damplokomotivet vart bygd her i 1833.
Geografi
endreNizjnij Tagil strekkjer seg ut 22 km frå nord til sør og 21 km frå aust til vest. Byen er bygd rundt den utdøydde vulkanen Lisja og dette fjellet med eit vakttårn på toppen er eit symbol for byen. Den geologiske strukturen i området er svært kompleks og medverkar til den usedvanlege rikdomen på metall og mineral i byen. Det er funne førekomstar av i alt 63 grunnstoff på den periodiske tabellen.
Ein stor del av landområdet innan bygrensene er dominert av dei mange forskjellige fabrikkane i denne industribyen. Elver og vatn utgjer ein tredjedel av arealet i byen. Klimaet i byen er temperert kontinentalt.
Næringsliv og transport
endreNizjnij Tagil er eit av dei største industrisentera i Ural. Kraftkrevjande industri som metallurgi, maskinbygging, kjemisk industri og metallhandsaming er dominerande. Totalt finst det rundt 600 produksjonsbedrifter i Nizjnij Tagil. Av desse er:
- Nizjnij Tagil Jern- og Stålfabrikk (Nizjnetagilskij Metalurgitsjeskij Kombinat, NTMK), som er eit leiande russisk stålselskap.
- Uralvagonzavod (UVZ) som er velkjent i Russland som hovudprodusenten av moderne stridsvogner i landet. Modellane T-72, T-90, T-95 vert produsert i byen.
Vegar og jernbanar knyter byen til andre i alle retningar, med Jekaterinburg i sør, Serov i nord, Perm i vest og Alapajevsk og Verkhnjaja Salda i aust.
Salka lufthamn ligg 17 km nordaust for byen. Den var ein militærbase til 1994, men er no er omgjort til ei sivil lufthamn.
Bakgrunnsstoff
endreKjelder
endre- Denne artikkelen bygger på «Nizjnij Tagil» frå Wikipedia på bokmål, den 21. november 2008.