Nicholas Hilliard
Nicholas Hilliard (ca 1547–7. januar 1619) var ein britisk miniatyrmålar og gullsmed frå Exeter. Han arbeidde også som portrettmålar.
Nicholas Hilliard | |
Sjølvportrett, 1577 | |
Statsborgarskap | Kongeriket England |
Fødd | 1547 Exeter |
Død |
7. januar 1619 (72 år) |
Yrke | kunstmålar, gullsmed |
Sjanger | portrett |
Far | Richard Hilliard |
Ektefelle | Alice Hilliard |
Born | Laurence Hilliard |
Nicholas Hilliard på Commons |
Liv og gjerning
endreHilliard var son til ein gullsmed frå Exeter. Frå 1562 gjekk han sjølv gullsmedlære og vart meister i faget i 1569. Hans mest berømte kunstverk er likevel miniatyrportrett av høg kvalitet. Desse er også verdfulle som historiske dokument. Hilliard besøkte Frankrike i 1557-58 og vart då påverka av den franske hoffkunsten. Eit av Hilliards mest kjende verk er Ung mann mellom roser, som i sitt biletspråk står nært symbolismen i ei kjærleiksforteljing forfatta av vennen Philip Sidney.
Stilistisk syner arbeida til Hillard ein slektskap med verk av den tyske målaren Hans Holbein den yngre.
Kjelder
endre- Denne artikkelen bygger på «Nicholas Hilliard» frå Wikipedia på bokmål, den 14. november 2012.