Napoléon Bonaparte

(Omdirigert frå Napoleon)
«Napoleon» omdirigerer hit. For andre tydingar av ordet, sjå Napoleon (fleirtyding).

Napoléon Bonaparte (15. august 17695. mai 1821) var keisar av Frankrike under namnet Napoléon I frå 18. mai 1804 til 6. april 1814. Han erobra og regjerte over det meste av det vestlege og sentrale Europa. Han vert rekna som ein dei store feltherrane gjennom historia. Napoleonskrigane vart utkjempa frå 1800 til 1815.

Napoléon Bonaparte

Fødd15. august 1769
FødestadAjaccio
Død5. mai 1821
DødsstadLongwood House
MorMaria Letizia Ramolino
FarCarlo Maria Buonaparte
EktefelleJoséphine de Beauharnais, Maria Louise av Østerrike
SambuarMaria Walewska, Pauline Fourès, Emilie Kraus von Wolfsberg, Elisabeth de Vaudey, Eléonore Denuelle de La Plaigne, Giuseppina Grassini, Albine de Montholon
BarnNapoléon II, Charles Léon, Alexandre Colonna Walewski, Eugen Megerle von Mühlfeld, Jules Barthélemy-Saint-Hilaire
MedlemDet franske vitskapsakademiet

Napoleon vart fødd i Ajaccio på øya Korsika som son av Carlo Bonaparte og Laetitia Ramolino. I 1778 vart han send til militærskulen i Brienne i Frankrike der han vart utdanna til artillerist. Den franske revolusjonen i 1789 nye vegar fram for den ambisiøse unge Napoleon. Han steig raskt i dei militære gradene. I 1795 var han den yngste generalen i Frankrike. Året etter vart han utpeika som leiar av dei franske styrkane nord i Italia. I 1796–1797 sigra han over Austerrike i eit effektivt felttog, og avtala etter eige syn fred i Campo Formio. Frå 1798 til 1799 var Napoleon i Egypt. Han prøvde å gjera Egypt til ein del av det franske koloniveldet.

Då han kom attende til Frankrike i 1799 gjorde Napoleon statskupp, det såkalla Brumairekuppet. Han utnemnde seg sjølv til fyrstekonsul, i praksis militærdiktator. Etter eit felttog i 1800 kunne Austerrike på nytt tvingast til fred. Sjølv med Storbritannia vart det fred ei kort stund (freden i Amiens i 1802).

I 1804 lét Napoleon seg krona til keisar av Frankrike og det fyrste franske keisardømet vart etablert. I krigane sigra Storbritannia på havet, medan Napoleon vann sigrar på landjorda. I 1805 vann han over styrkar frå Russland og Austerrike i slaget ved Austerlitz. I 1806 sigra han over styrkar frå Preussen i slaget ved Jena-Auerstädt. I 1807 vart det fred med Russland etter slaget ved Friedland. Russland gjekk med i den såkalla 'kontinentalblokaden'. Målet var at Storbritannia skulle stengjast ute frå alle handel med kontinentet.

 
'Napoleon ved Sankt Bernhard', måleri av Jacques-Louis David (1800)

Etter indre stridar i Spania der tronarvingen Ferdinand avsette far sin, kong Carlos IV, gjekk Napoleon i 1808 inn med styrkar i Spania og utropa den eldre broren sin Joseph til konge av Spania. Storbritannia sette i land styrkar i Portugal. Dei britiske styrkane vart leia av Arthur Wellesley (seinare kjend som hertug av Wellington). Målsetnaden var å hjelpa den spanske geriljaen.

I og med at franske styrkar var bundne opp i Spania såg Austerrike rom for å slå attende. Dei gjekk til krig i 1809. Gjennom å flytta styrkane raskt lukkast det for Napoleon å slå austerrikarane ved Eckmühl og slå dei heilt i slaget ved Wagram.

 
Napoleon Bonaparte på Elba

Etter nederlaget i Russland i 1812, døydde store delar av dei franske styrkane under attendetoget om vinteren. Ein tysk frigjeringskrig fylgde der Napoleon tapte i slaget ved Leipzig.

Napoleon abdiserte den 11. april 1814, men leidde i 1815 Frankrike i hundre dagar. Etter nederlag i slaget ved Waterloo vart Napoleon send i eksil til den isolerte øya St. Helena sør i Atlanterhavet, der han seinare døydde.

Ekteskap og tilhøve til andre kvinner

endre
 
Pierre-Paul Prud'hon (1758-1823): Portrett av keisarinne Joséphine (1805)

Napoleon var gift to gonger. Frå 9. mars 1796 var han gift med Joséphine de Beauharnais, som han i 1804 krona til keisarinne. Dei fekk ingen born, og dette førte til skilsmisse i 1809.

Frå 11. mars 1810 (sjølve bryllupet ved stadfortredar) var han gift med erkehertuginne Marie Louise av Austerrike, som vart den andre keisarinna hans. Dei fekk eitt barn; Napoléon Francis Joseph Charles Bonaparte (20. mars 1811-22. juli 1832), konge av Roma. Han er òg kjend som Napoleon II av Frankrike, men han regjerte aldri i røynda.

Samband med andre kvinner førte til i det minste to uekte barn, som begge fekk sine eigne etterkommarar:

Truleg fekk Napoleon barn med fleire andre kvinner:

Hærførarar (marskalkar) for Napoleon

endre

Napoleon sine brør og systrer

endre

Bakgrunnsstoff

endre
  Wikimedia Commons har multimedia som gjeld: Napoléon Bonaparte