Molte
Molte (Rubus chamaemorus) er ein plante i rosefamilien. Det gule bæret smakar godt og vert nytta som mat. Molte er namnet både på planten og bæret. Myrbær er eit anna namn på molte. Det vert særleg brukt om den umogne frukta.
Molte | |
Molte | |
Utbreiing og status | |
Status i verda: Livskraftig Utbreiinga av molte | |
Systematikk | |
Rike: | Planteriket Plantae |
Rekkje: | Karplantar Tracheophytes |
Underrekkje: | Frøplantar Spermatophytes |
Orden: | Roseordenen Rosales |
Familie: | Rosefamilien Rosaceae |
Underfamilie: | Rosoideae |
Slekt: | Bjørnebærslekta Rubus |
Art: | Molte R. chamaemorus |
Vitskapleg namn | |
Rubus chamaemorus |
Skildring
endreMolteplanten er ein fleirårig urt som gjerne veks på myr. Høgda er 5-20 cm.
Molte har ein krypande jordstengel, og mange blomar kan kome frå same plante. Blomstrane er kvite. På ein enkelt plante er det berre hoblomster eller berre hannblomster, ikkje begge delar. Fruktene, som er samansette av små steinfrukter, vert gule når dei mognar.
Molta har ei karakteristisk utvikling frå blome til mogen frukt.
- Blomen er open
- Kronblada fell av, og begerblada, hamsen, let seg att.
- Frukta startar å vekse, kvit til grøn.
- Ein ser den harde raude frukta, karten, mellom begerblada.
- Bergerblada rettar seg ut, Frukta er mogen.
Utbreiing
endreMolteplanten veks over heile Noreg. Han er å finne i torvmark, på næringsfattig myrjord, og i open skog. I Gudbrandsdalen veks han opp til 1400 m.o.h. På dei høgste veksestadane er plantene ofte sterile.
Elles veks han rund heile den nordlege halvkula. For det meste finn ein molta mellom 55°N og 78°N. I tillegg til Norden, veks han og i Baltikum, gjennom Nord-Russland aust til Stillehavet. Små førekomstar er funne lenger sør, mellom anna i Tyskland. Der kan han finnast i Weser- og Elbe-dalane. I Nord-Amerika veks molte gjennom det meste av Alaska og Canada.
Kultur
endreMolta er fylkesblomster i Finnmark. Nesseby kommune har ein molteplante i kommunevåpenet Den finske 2 euromynten viser molte og molteblome.
Bruk
endreBæra vert mellom anna brukt til syltetøy og moltekrem. Dei kan òg brukast til å laga likør av. Molte inneheld mykje C-vitamin. Molta har vore viktig for den nordlegaste delen av Noreg. Difor er det forbod mot å plukke molte på annan manns molteland. Dette gjeld i Finnmark, Troms og Nordland[1]. Tidlegare var det forbod mot å plukke moltekart over heile landet. Den lova vart teken vekk då det ikkje ser ut som molteplanten tek skade av kartplukking, noko ein tidlegare trudde.
Kjelder
endre- C. A .M. Lindman: Nordens Flora. Oslo 1977
- Knut Fægri: Norges Planter Oslo 1970
- Ørjan Nilsson: Nordisk Fjellflora. Oslo 1995
- Høeg, Ove Arbo: Planter og tradisjon. Universietsforlaget, 1975. ISBN 82-00-08930-4
- Denne artikkelen bygger på «Cloudberry» frå Wikipedia på engelsk, den 21. 02.2008
Fotnotar
endreBakgrunnsstoff
endre- Den virtuella floran om molte
- Botanisk museum om fylkesblomstrar Arkivert 2008-05-27 ved Wayback Machine.