Meløy kommune

kommune i Nordland fylke i Noreg
(Omdirigert frå Meløy)

Meløy er ein kystkommune midt i Nordland fylke. Ein har tradisjonelt rekna Kunna som den geografiske grensa på kysten mellom Helgeland og Salten. Etter den definisjonen er Meløy ein helgelandskommune, men i dag er kommunen administrativt og kommunikasjonsmessig ein del av Salten.

Meløy kommune
kommune
Kommunevåpen
Land  Noreg
Fylke Nordland
Adm.senter Ørnes
Areal 874 km²
 •  land 800 km²
 •  vatn 74 km²
Folketal 6 180  (1. januar 2024)
Målform bokmål
Ordførar Sigurd Stormo (Ap)
Kommunenr. 1837
Kart
Meløy
66°47′17″N 13°40′33″E / 66.788056°N 13.675833°E / 66.788056; 13.675833
Kart som viser Meløy kommune.
Kart som viser Meløy kommune.
Kart som viser Meløy kommune.
Wikimedia Commons: Meløy
Nettstad: www.meloy.kommune.no
For øya kommunen har fått namn etter, sjå Meløya i Meløy.
For andre øyar med det same namnet, sjå Meløya.

Tettstader i kommunen

endre

Dei offisielle tettstadene i statistikk hos Statistisk sentralbyrå med folketal i parentes er per 2023: Ørnes (1 684), Glomfjord (1 089), Eidbukta (542) og Reipå (266). Neverdal inngår som del av tettstaden Eidbukta. Alle desse ligg i nordbygda, nord for Svartistunellen.

I sørbygda finst desse bygdene på fastlandet: Halsa, Engavågen og Ågskardet.

Geografi

endre

Svartisen med bretunga Engabreen gjer ut for ein monaleg del av kommunearealet. Meløy kommune er kommunen i landet med det største arealet av isbre og snø i høve til det totale arealet av fastland og øyar i kommunen, 19 %.[1] Til samanlikning har nummer 2 og 3 på lista Stryn kommune 17 %, og Luster kommune 14 %.

Øyer i kommunen

endre

Meløy kommune inneheld ei rekkje øyer, dei største folkesette øyene er Åmøya, Meløya, Mesøya, Teksmona, Bolga, Støtt og Grønøya. Skjerpa og Risøya er fråflytta øyer.

Målføre

endre

Målet i Meløy har vore klassifisert i gruppa av helgelandsmål.

Dei siste tiåra har meløyfjerdingar hatt sterkare knytingar til Salten og Bodø enn til Helgeland, ikkje minst på grunn av kommunikasjonsmessig utvikling, og då særleg etter ca. 1970–1980. Innanfor offentlege tenester og offentleg administrasjon går òg knytingar nordover. Talemålet er derfor i endring i retning av meir saltenmål og meir bymål. (Treng kjeldetilvising.) Gjennom 1900-talet har industristaden Glomfjord hatt påverknad frå innflyttardialektar som igjen kan ha påverka dialekten i andre delar av kommunen.

Festivalar

endre

Sommerdagan i Meløy var tidlegare eit årleg arrangement i kommunen.

Kjelder

endre

Bakgrunnsstoff

endre
  Wikimedia Commons har multimedia som gjeld: Meløy kommune
  Denne geografiartikkelen er ei spire. Du kan hjelpe Nynorsk Wikipedia gjennom å utvide han.