Matti Hautamäki
Matti Antero Hautamäki (fødd 14. juli 1981) er ein finsk tidlegare skihoppar frå Uleåborg. Han vann ei rad medaljar, 13 i alt, i ulike internasjonale meisterskap mellom 2001 og 2010. Frå verdsmeistrakapar og olympiadar fekk han med seg to individuelle sølvmedaljar og to bronsemedaljar. Dessutan var han med på å verte verdsmeister i laghopp for Finland i 2003, og vann elles seks sølvmedaljar og to bronsemedaljar med ulike finske hopplag, flest medaljar saman med Janne Ahonen. Både i 2002 og i 2005 kom Hautamäki på tredjeplass i verdscupen i skihopping. Han sigra i 16 enkeltrenn i verdscupen. Også den to år eldre broren Jussi Hautamäki tevla internasjonalt i skihopping.
Matti Hautamäki | |
Statsborgarskap | Finland |
Fødd | 14. juli 1981 (43 år) Uleåborg |
Idrett | skihopping |
Tok del i | Vinter-OL 2010, Skihopping under Vinter-OL 2006 – Normalbakke, Skihopping under Vinter-OL 2002 – Stor bakke, Skihopping under Vinter-OL 2002 – Laghopp, Skihopping under Vinter-OL 2006 – Laghopp |
Aktiv
endreMatti Hautamäki vann i 2001 den fyrste av i alt ni internasjonale medaljar i laghopp for Finland. På finsk heimegrunn i Lahti fekk han VM-sølv saman med Risto Jussilainen, Ville Kantee og Janne Ahonen, to små poeng bakom verdsmeisterlaget frå Austerrike. Sesongen 2001/02 kom Hautamäki på andreplass i den tysk-austerrikske hoppveka. Same sesongen kom han på bronseplassen både i storbakken under vinter-OL og i VM i skiflyging.
I 2003 vann Hautamäki sølvmedaljen i storbakken under ski-VM i Val di Fiemme, der han også vart verdsmeister i laghopping. Mot slutten av same sesongen forbetra han verdsrekorden for lengste ståande skihopp tre gongar, siste gongen til 231 meter. Denne rekorden, som vart sett i Planica, var gjeldande verdsrekord til mars 2005, då Bjørn Einar Romøren forbetra rekorden til 239 meter i den same skiflygingsbakken.
Hautamäki vann den fjerde og siste individuelle hoppmedaljen under vinter-OL 2006, eitt poeng bak gullvinnaren Lars Bystøl frå Voss. Fire år seinare vann Hautamäki sin niande og siste lagmedalje med Finlands firemannslag under VM i skiflyging i Planica.
Medaljar og besteplasseringar i internasjonale meisterskap
endre- VM 2001 i Lahti: Nr 9 i normalbakken
- OL i Salt Lake City 2002: Bronsemedalje i storbakken
- VM 2002 i Harrachov: Bronsemedalje i skiflyging
- VM 2003 i Val di Fiemme: Sølvmedalje i storbakken
- VM 2004 i Planica: Nr 7 i skiflyging
- VM 2005 i Oberstdorf: Nr 6 i storbakken
- OL i Torino 2006: Sølvmedalje i normalbakken
- VM 2006 i Kulm: Nr 11 i skiflyging
- VM 2007 i Sapporo: Nr 15 i normalbakken
- VM 2008 i Oberstdorf: Nr 14 i skiflyging
- VM 2009 i Liberec: Nr 11 i storbakken
- VM 2011 i Oslo: Nr 5 i storbakken
Medaljar i laghopp i internasjonale meisterskap
endre- VM 2001 i Lahti: Sølvmedalje i normalbakken
- OL i Salt Lake City 2002: Sølvmedalje i laghopp
- VM 2003 i Val di Fiemme: Gullmedalje i laghopp i storbakken
- VM 2004 i Planica: Sølvmedalje i laghopp i skiflyging
- VM 2005 i Oberstdorf: Sølvmedalje i laghopp i storbakken
- OL i Torino 2006: Bronsemedlaje i laghopp i storbakken
- VM 2006 i Kulm: Sølvmedalje i laghopp i skiflyging
- VM 2008 i Oberstdorf: Sølvmedalje i laghopp i skiflyging
- VM 2010 i Planica: Bronsemedalje i laghopp i skiflyging
Verdscupsigrar
endreNr. | Dato | Stad | Land |
---|---|---|---|
1. | 2. desember 2000 | Kuusamo | Finland |
2. | 19. januar 2002 | Zakopane | Polen |
3. | 13. mars 2002 | Falun | Sverige |
4. | 15. mars 2002 | Trondheim | Noreg |
5. | 22. mars 2003 | Planica | Slovenia |
6. | 23. mars 2003 | Planica | Slovenia |
7. | 28. november 2003 | Kuusamo | Finland |
8. | 23. januar 2004 | Hakuba | Japan |
9. | 11. februar 2005 | Pragelato | Italia |
10. | 6. mars 2005 | Lahti | Finland |
11. | 8. mars 2005 | Kuopio | Finland |
12. | 11. mars 2005 | Lillehammer | Noreg |
13. | 13. mars 2005 | Oslo | Noreg |
14. | 19. mars 2005 | Planica | Slovenia |
15. | 28. januar 2006 | Zakopane | Polen |
16. | 29. januar 2006 | Zakopane | Polen |
Hautamäki la opp som skihoppar i 2012.
Kjelder
endre- Denne artikkelen bygger på «Matti Hautamäki» frå Wikipedia på tysk, den 1. desember 2012.
Bakgrunnsstoff
endre- (en) Matti Hautamäki – Profil og resultatoversikt hos FIS
- (en) Matti Hautamäki – Profil og resultatoversikt i olympiske konkurransar på sports-reference.com.