MBA
Master of Business Administration, forkorta MBA er ei grad i bedriftsleiing, typisk økonomi og leiing innanfor høgare utdanning. Graden blir ofte teke som påbygging til ikkje-økonomiske grunnutdanningar.
Ei amerikansk MBA-grad tar vanlegvis to år. Det finst eit breitt utval av kombinasjonar av fag som ein kan velje innanfor ei MBA-grad.
Nokre norske høgare lærestader som tilbyr MBA er Handelshøgskolen i Bodø, Oslo Markedshøyskole, Handelshøyskolen BI og Norges Handelshøyskole.
Bakgrunnsstoff
endre- MBA Today
- MBA Sciences-Po Arkivert 2009-06-01 ved Wayback Machine.