Lars Svendsen
- Denne artikkelen handlar om stortingsmannen. For filosofen, sjå Lars Fr. H. Svendsen.
Lars Svendsen (8. februar 1802–11. mai 1859) var ein forretningsmann og stortingsmann frå Stavanger.
Lars Svendsen | |
Statsborgarskap | Noreg |
Fødd | 8. februar 1802 |
Død | |
Yrke | forretningsdrivande, politikar |
Språk | norsk |
Svendsen var son til ein kjøpmann. Sjølv byrja han på sjøen, tok styrmannseksamen og førte eige skip. Enno i ung alder slutta han sjølivet, då han og broren Svend Svendsen etablerte firmaet L. & S. Svendsen. Firmaet dreiv ei omfattande verksemd med både utreiing av eigne båtar, sildesalting, og sal av både kolonial-, jarn- og glasvarer. På Finnmarks-kysten hadde det trankokeri.
Svendsen fekk plass i det fyrste formannskapet i Stavanger, der han var medlem 1837-44 og 1855-59. Han representerte Stavanger på Stortinget i 1842, 1845, 1857 og på det overordentlege storting 1858. I 1842 og 1845 var han medlem av næringskomite nr 2, medan han i 1857 og -58 var medlem av tollkomiteen.
Han døydde i heimbyen, 57 år gammal.
Kjelder
endre- Lindstøl, Tallak:Stortinget og Statsraadet 1814-1914. Kristiania, 1914
- Biografisk informasjon om Lars Svendsen NSD Norsk senter for forskningsdatas politikararkiv