Johan Undrum
Johan Undrum (7. oktober 1880–14. mars 1940) var ein norsk lensmann og stortingsrepresentant frå Undrumsdal i Våle i Vestfold. Han møtte på Stortinget for partiet Høgre og valkrinsen Østfold i åra frå 1931 til 1940.
Johan Undrum | |
Statsborgarskap | Noreg |
Fødd | 7. oktober 1880 Undrumsdal |
Død | |
Yrke | politikar, politi |
Språk | norsk |
Politisk parti | Høgre |
Undrum var son til ein styrmann, og gjekk på Jarlsberg og Larviks amtsskole i 1897/98. Frå 1898 var han lensmannsbetjent i Ramnes, og fungerande lensmann 1900-03. Åra 1904-06 var han lensmannsfullmektig i Sem, før han i januar 1907 vart lensmann i Svelvik og Strøm. Den 1. oktober 1915 skifta han beite og var sidan lensmann i Skjeberg.
Perioden 1910-15 var Undrum medlem i Svelvik kommunestyre, medan han 1919-22 og frå 1925 var med i Skjeberg heradsstyre. I Svelvik var han styreformann i den lokale sparebanken, og i Skjeberg var han formann i forliksrådet og medlem i soknerådet.
Valperioden 1925-27 var Undrum 2. varamann frå Østfold, og møtte då nokre veker i 1926. Ved stortingsvalet hausten 1930 vart han vald inn på Tinget for Høgre, attvald 1933 og 1936. Han var 1931-33 medlem i Lovkomiteen, og frå 1934 nestformann i Protokollkomiteen til vart permittert i februar 1940, ein liten månad før han døydde. Undrum var sentralstyremedlem i Høgre i tida 1928-33.
Kjelder
endre- Biografisk informasjon om Johan Undrum NSD Norsk senter for forskningsdatas politikararkiv