Håkon Evjenth
Håkon Evjenth (26. desember 1894–10. juni 1951) var ein norsk forfattar og jurist frå Bodø, kjend for barnebøkene sine frå nordnorsk natur.
Håkon Evjenth | |
Statsborgarskap | Noreg |
Fødd | 26. desember 1894 Bodø |
Død |
10. juni 1951 (56 år) |
Yrke | advokat, barnebokforfattar |
Far | Haakon Martin Evjenth |
Evjenth vart cand.jur. i 1917 ved Universitetet i Oslo. To år seinare fekk han innført den fyrste vorsteh-hunden til Noreg. Frå 1921 dreiv han som sakførar i Vadsø. Interessa for kultur og natur leia til at han i 1927 gav ut boka Finnmarksjakter. Åra 1927-30 hadde han stipend frå Institutt for sammenlignende kulturforskning, og budde 4 år i ei gamme i Suonjo på Varangerhalvøya.[1]
Størst merksemd fekk Evjenth med ungdomsromanen 3 på to og 2 på fire i 1935. Denne og fleire andre bøker gjev innsikt i friluftsliv, nordnorsk geografi og samisk levevis. Under andre verdskrigen var Evjenth aktiv motstandsmann, sat 1943-45 fange i Bodø, Trondheim, Falstad og på Grini. Krig i kvitt vert rekna som den første romanen om krigen i Nord-Noreg.[1]
Bibliografi
endreSkjønnlitteratur
- 1928 – Folk under fot (roman)
- 1935 – 3 på to og 2 på fire (ungdomsbok)
- 1936 – På to og fire i Suonjo (ungdomsbok)
- 1937 – Over Kjølen i kano (ungdomsbok)
- 1939 – En fiskergutt i sameland (ungdomsbok)
- 1940 – På langferd i grenseland (ungdomsbok)
- 1941 – Falkefengeren (ungdomsbok)
- 1945 – Krig i kvitt (ungdomsbok)
- 1947 – På falskt pass (ungdomsbok)
- 1948 – Hytta i fjellet (ungdomsbok)
Faglitteratur
- 1927 – Finnmarksjakter
- 1938 – Gutten som Norge glemte. Johan Koren
- 1945 – Han som reddet verden. Winston Churchill
- 1946 – Trollbotn
Kjelder
endre- ↑ 1,0 1,1 Vold, Karin Beate (27. januar 2023). «Håkon Evjenth». Norsk biografisk leksikon (på norsk).