Garij Napalkov
Garij Jurjevitsj Napalkov (russisk: Гарий Юрьевич Напалков) (fødd 27. juni 1948) i Gorkij er ein russisk, tidlegare skihoppar som tevla for Sovjetunionen og idrettslaget Burevestnik Gorkij. Han vart verdsmeister i begge hoppbakkane under Ski-VM 1970.
Garij Napalkov | |
Statsborgarskap | Sovjetunionen |
Fødd | 27. juni 1948 (76 år) Nizjnij Novgorod |
Idrett | skihopping |
Tok del i | Vinter-OL 1972, Vinter-OL 1968 |
Utmerkingar | Idrettens mester i Sovjetunionen |
Aktiv
endre6. januar 1968 vann Napalkov hoppvekerennet i Innsbruck og kom på sjetteplass samanlagt i hoppveka. Under OL i Grenoble i 1968 vart han nummer 11 i storbakken i Saint-Nizier og nummer 14 i normalbakken i Autrans. Vinteren etter vann han hoppvekerennet i Oberstdorf, men vart nummer 15 i samanlagt.
Vinteren 1970 var Napalkov i sitt livs form. I den tysk-austerrikske hoppveka kom han på tredje plass samanlagt, berre overgått av vinnaren Horst Queck frå Aust-Tyskland og norske Bjørn Wirkola. Under VM 1970 i Štrbské Pleso gjekk Napalkov heilt til topps både i normalbakken og i storbakken. I normalbakken fekk han sterkast konkurranse frå Yukio Kasaya frå Japan som fekk sølv, og bronsevinnaren Lars Grini frå Noreg. Napalkov vann også det individuelle hopprennet i Lahti i 1970. Same året tok han andreplassen i Holmenkollrennet, der det vart sovjetisk dobbeltsiger då Vladimir Belousov vann rennet. Napalkov vart derimot sovjetisk meister i både stor- og normalbakken.
Under OL 1972 i Sapporo vart Napalkov nummer seks i storbakken og nummer sju i normalbakken.
Han la opp skihoppinga i 1976.
Medaljar og besteplasseringar i internasjonale meisterskap
endre- OL 1968 i Grenoble: Nr 11 i storbakken
- VM 1970 i Štrbské Pleso: Dobbelt verdsmeister; normalbakke og storbakke
- OL 1972 i Sapporo: Nr 6 i storbakken og nr 7 i normalbakken.
- VM 1974 i Falun: Nr 18 i storbakken
Kjelder og bakgrunnsstoff
endre- Sportsboken, aktuelle årgangar
- (en) Garij Napalkov – Profil og resultatoversikt hos FIS