Dokumentarfilmen Ibelin

norsk dokumentarfilm frå 2024

Ibelin er ein norsk dokumentarfilm frå 2024, regissert av Benjamin Ree. Filmen fortel historia om Mats Steen, som leid av Duchennes muskeldystrofi, ein sjukdom som fører til gradvis svekking av musklane.

Ibelin
RegiBenjamin Ree Sjå dette på Wikidata
ManusBenjamin Ree Sjå dette på Wikidata
SjeffotografTore Vollan Sjå dette på Wikidata
Utgjevingsdato8. mars 2024
Lengd106 minutt Sjå dette på Wikidata
OpphavslandNoreg Sjå dette på Wikidata
Språknorsk
Sjangerdokumentarfilm Sjå dette på Wikidata

Filmen skildrar korleis Steen, trass sin fysiske tilstand, levde eit rikt digitalt liv gjennom videospelet World of Warcraft. Filmen, som er Ree sin tredje,[1] hadde premiere på Tromsø Internasjonale Filmfestival og Sundance filmfestival. Filmen har vunne fleire norske og internasjonale prisar, og blei blant anna kåra til beste norske film under Amandaprisen 2024 og mottok to prisar under Sundance filmfestival.[2]

Handling

endre

Dokumentarfilmen fortel historia om Mats Steen, som var råka av Duchennes muskeldystrofi. Etter at han døydde i 2014 oppdaga foreldra hans at han hadde etablert eit stort, internasjonalt nettverk av venar gjennom videospelet World of Warcraft. Rollefiguren hans i dette spelet heitte «Ibelin», og dokumentarfilmen har namn etter alter egoet til hovudpersonen.[3][4]

Om produksjonen

endre

Filmen er basert på 75 timar med videoopptak og tusenvis av loggførte samtalar frå spelet. Desse ressursane blei brukte til å attskape livet til Steen i World of Warcraft. Delar av filmen foregår i speluniverset, der avataren til Steen, «Ibelin», blir levandegjord gjennom animasjon. Filmen tek for seg både perspektivet til Steen og opplevingane til spelvenane hans.

Ree og produksjonsselskapet gjennomførte filmprosjektet utan løyve frå spelselskapet Blizzard Entertainment, som eig rettane til World of Warcraft. Etter å ha vist filmen til leiinga i Blizzard, fekk Ree til slutt godkjenning av produksjonen.[5]

Mottaking

endre

Filmen blei godt mottatt ved premieren.[4][6] Skildringa av dei sosiale relasjonane i rollespel-verda blei framheva. Filmmeldar i Aftenposten May Synnøve Rogne skreiv blant anna: «Dokumentaren om ham, rørte meg til tårer.».[6] Etter premieren sikra Netflix seg rettane til filmen. Filmen hadde ordinær noregspremiere i mars 2024.

Etter at filmen blei lansert på Netflix kalla Medietilsynet ein ny pris opp etter rollefiguren til Steen, Ibelinprisen, for unge personar mellom 9 og 18 år som er med i ein klubb som driv med dataspel, og er gode rollemodellar for dataspelkulturen.[7]

I desember 2024 blei filmen tildelt prisen Aamot-statuetten.[8]

Prisar og nominasjonar

endre
Pris Kategori Nominert/vinnar Resultat
Sundance filmfestival 2024[9][10][3] Beste regi, dokumentar Benjamin Ree Vann
Juryprisen, dokumentar N/A Nominert
Publikumsprisen for beste dokumentar N/A Vann
Tromsø Internasjonale Filmfestival 2024[11] Publikumsprisen N/A Vann
Göteborg Film Festival 2024[12] Dragon Award Best Nordic Documentary N/A Vann
Millennium Docs Against Gravity 2024[13] Freedom Award N/A Vann
Amandaprisen 2024[2][14] Beste norske film N/A Vann
Beste dokumentarfilm N/A Nominert
Beste regi Benjamin Ree Nominert
Beste klipp Robert Stengård Vann
Beste visuelle effektar Rasmus Tukia, Ada Wikdahl, Chris Kongshaug, Derek Bancroft, Sindre Hammersbøen og Arash Ebrahimi Nominert
Den europeiske filmprisen 2024[15] Ungdomsjuryprisen N/A Vann

Kjelder

endre
  1. «Ibelin». NFI (på norsk). Henta 26. januar 2024. 
  2. 2,0 2,1 ««Ibelin» er årets film». nrk.no. 23. august 2024. Henta 23. august 2024. 
  3. 3,0 3,1 ««Ibelin» har stukket av med to priser under Sundance Film Festival». NRK (på norsk bokmål). 26. januar 2024. Henta 26. januar 2024. «Den Netflix-innkjøpte Ibelin-dokumentaren om den sykdomsrammede gameren Mats Steen, som døde 25 år gammel, har fått strålende anmeldelser etter premieren på Sundance-festivalen. (---) «Ibelin» er oppkalt etter «World of Warcraft»-avataren til Steen, som døde i 2014 av Duchennes muskeldystrofi (DMD) – en sjelden genetisk lidelse som forårsaker muskelsvinn hos gutter. | Etter sønnens død oppdaget hans foreldre at han hadde hatt et innholdsrikt liv online og fått venner over hele Europa, via spillet World of Warcraft 
  4. 4,0 4,1 Mari Glans-Doré (19. januar 2024). «Stående applaus til «Ibelin» i USA. En gråtende manns beskjed til faren, gjør alt verdt det.». Aftenposten (på norsk bokmål). Henta 26. januar 2024. 
  5. Lillelien, Rikke (11. januar 2024). «Benjamin Ree har laget filmen Ibelin om Mats Steen». NRK (på norsk bokmål). Henta 24. oktober 2024. 
  6. 6,0 6,1 Rogne, May Synnøve (20. januar 2024). ««Ibelin» er en oppreisning for gamer-kulturen». Aftenposten (på norsk). Henta 26. januar 2024. «Gameren Mats Steen døde 25 år gammel. Familien ante ikke at han hadde en stor vennegjeng og hadde hatt sitt første kyss. Dokumentaren om ham, rørte meg til tårer.» 
  7. Medietilsynet (12. november 2024). «Ibelinprisen skal fremme inkludering i dataspill». 
  8. Kamsvåg, Geir (3. desember 2024). «Aamot-statuetten til Ingvil Giske, Benjamin Ree, og Vibeke Skistad». cine.no (på norsk). CINEMA. Henta 3. desember 2024. 
  9. «2024 Sundance Film Festival Announces Award Winners - sundance.org» (på engelsk). 26. januar 2024. Henta 26. januar 2024. 
  10. ««Ibelin» vant publikumspris på Sundance». Aftenposten (på norsk bokmål). 26. januar 2024. Henta 26. januar 2024. 
  11. «IBELIN vinner Publikumsprisen under TIFF 2024». Tromsø Internasjonale Filmfestival (på norsk bokmål). Henta 26. januar 2024. 
  12. «Dragon Awards til «Ibelin».». rushprint.no. 4. februar 2024. Henta 19. juni 2024. 
  13. «Priser til norske filmer». nfi.no. Arkivert frå originalen 2. desember 2023. Henta 22. august 2024. 
  14. «Her er årets Amanda-nominasjoner: Dag Johan Haugerud, krig og dokumentarer leder an». montages.no. 19. juni 2024. Henta 19. juni 2024. 
  15. «Prisdryss for norsk film på European Film Awards». nfi.no. 7. desember 2024. Henta 8. desember 2024.