Birobidzjan
Birobidzjan (russisk Биробиджа́н; jiddisch ביראָבידזשאן) er hovudstaden i Den jødiske autonome oblasten i Russland. Byen ligg ved elvane Bira og Bidzjan, som begge har gjeve namn til byen, og er nær grensa til Folkerepublikken Kina og ved den transsibirske jernbanen. I 2010 hadde byen 75 400 innbyggjarar. Jiddisch er eitt av dei offisielle språka der, og blir framleis i nokon grad bruka.
Birobidzjan Биробиджан | |||
---|---|---|---|
| |||
Plassering | |||
Styresmakter | |||
Land | Russland | ||
Føderasjonssubjekt | Den jødiske autonome oblasten | ||
Grunnlagd Bystatus |
1915 1937 | ||
Geografi | |||
Flatevidd - By |
36 000 km² | ||
Innbyggjarar - Totalt (2010) - folketettleik |
75 400 2,1 /km² | ||
Koordinatar | 48°47′N 132°56′E / 48.783°N 132.933°E | ||
Høgd over havet | 82 moh. | ||
Tidssone - Ved sommartid |
VLAT (UTC+10) VLAST (UTC+11) | ||
Diverse annan informasjon | |||
Retningsnummer (tlf) | +7 42622 | ||
Bilnummer | 79 | ||
Nettstad: birobidzhan.rfn.ru |
Dei som gjestar området skal finne det overraskande grønt. Det er mest lettindustri der.
Ein dokumentarfilm kalla L’Khayim, Kamerat Stalin! om korleis Stalin oppretta denne regionen for jødane på 1930-talet og korleis tusenvis av jødar slo seg ned der, kom i 2003. I tillegg til at filmen viser historia om opprettinga av dette som skulle vere eit «jødisk heimland», viser filmen scener frå dagens Birobidzjan og intervju med jødiske innbyggjarar.
Det var ikkje så stor del av dei sovjetiske jødane som slo seg ned i Birobidzjan, men dei som gjorde det, kom seg iallfall unna det Holocaust som ramma jødane i den vestlege delen av landet da Nazi-Tyskland gjekk til åtak på Sovjetunionen i 1941.
Kjelder
endre- Denne artikkelen bygger på «Birobidzhan» frå Wikipedia på engelsk, den 31. desember 2006.
Bakgrunnsstoff
endre- Birobidzhan from 1929 to 1931 - photo album (Digitized page images) ved US Library of Congress
- Atlas: Birobidzhan Arkivert 2005-08-29 ved Wayback Machine.
- Birobidzhan.rfn.ru Arkivert 2013-09-25 ved Wayback Machine.
- Birobidzjan si offisielle heimeside Arkivert 2007-11-15 ved Wayback Machine.
- Biletgalleri Arkivert 2007-11-21 ved Wayback Machine.