Baton Rouge
Baton Rouge (fransk Bâton-Rouge, 'raud stokk') er hovudstaden i Louisiana, og ligg ved Mississippielva søraust i delstaten. Ved byrjinga av 2006 var byen den største i Louisiana. Historisk har Baton Rouge alltid vore mindre enn New Orleans, men etter at orkanen Katrina herja denne byen blei det Baton Rouge som hadde høgast folketal.
Baton Rouge | |||
---|---|---|---|
| |||
Styresmakter | |||
Land Delstat Fylke |
USA Louisiana East Baton Rouge Parish | ||
Grunnlagd | 1760 | ||
Geografi | |||
Flatevidd | 228,230603 km² | ||
Flatevidd - By |
228 km² | ||
Innbyggjarar - By (2010) - folketettleik |
229 493[1] 1 006,5/km² | ||
Koordinatar | 30°27′N 91°8′W / 30.450°N 91.133°W | ||
Diverse anna | |||
Heimeside: https://www.brla.gov/ |
Kjende personar frå Baton Rouge
endre- Reese Witherspoon, USA-amerikansk skodespelar og filmprodusent
- Randy Jackson, USA-amerikansk bassist, songar, plateprodusent, entreprenør og TV-personlegdom
Sjå òg
endreKjelder
endre- ↑ «Baton Rouge, LA Population - Census 2010 and 2000 Interactive Map, Demographics, Statistics, Quick Facts». CensusViewer. Arkivert frå originalen 16. januar 2020. Henta 6. desember 2020.
Bakgrunnsstoff
endre Denne geografiartikkelen som har med USA å gjere, er ei spire. Du kan hjelpe Nynorsk Wikipedia gjennom å utvide han.