Asbjørn Ruud
Asbjørn Ruud (6. oktober 1919–26. mars 1989) var ein skihoppar frå Kongsberg, og yngre bror til Birger og Sigmund. Dei var alle medlemer av Kongsberg IF.
Asbjørn Ruud | |
Statsborgarskap | Noreg |
Fødd | 6. oktober 1919 Kongsberg kommune |
Død | 26. mars 1989 (69 år) Oslo |
Idrett | skihopping |
Tok del i | Vinter-OL 1948 |
Utmerkingar | Holmenkollmedaljen |
Karriere
endreRuud overraska med å vinne verdsmeisterskapen 1938 i spesielt hopprenn i Lahti. Med 226,4 pong var han 0,3 poeng føre Stanislaw Marusarz frå Polen med landsmannen Hilmar Myhra på bronseplassen. I den fyrste sesongen etter verdskrigen, 1946, vann han både noregsmeisterskapen og Holmenkollrennet. Olympiaåret 1948 vart han på ny noregsmeister og var ein av dei fire norske hopparane som deltok i vinter-OL 1948 i St. Moritz, der han kom på sjetteplassen. Ruud vart same året tildelt Holmenkollmedaljen.
Besteplasseringar i internasjonale meisterskap og renn
endre- 1938: Gullmedalje i hopprennet under verdsmeisterskapen i Lahti
- 1939: Nr 7 i Holmenkollen
- 1946: Siger i Holmenkollen
- 1947: Nr 3 i Holmenkollen
- 1948: Nr 6 i OL i St. Moritz
- 1951: Nr 7 i Holmenkollen
Medaljar og besteplasseringar i noregsmeisterskap
endre- Ski-NM 1946: Gullmedalje i Drammen
- Ski-NM 1947: Nr 4 i Tistedalen
- Ski-NM 1948: Gullmedalje på Lillehammer
- Ski-NM 1949: Nr 6
- Ski-NM 1952: Nr 10 i Porsgrunn
Ruud arbeidde i yngre år i ei sportsforretning på Kongsberg. Seinare flytta han til Oslo, der han dreiv sportsforretning saman med brørne Øyvind og Sigmund Ruud. Asbjørn Ruud var gift med symjaren Berit Haugen.
Kjelder
endre- Sportsboken, aktuelle årgangar
- Denne artikkelen bygger på «Asbjørn Ruud» frå Wikipedia på bokmål, den 6. mars 2011.