Arnt Ulstrup
Arnt Severin Ulstrup (24. september 1862–1922), opphavleg Arnt Severin Axelsen, var ein norsk lege frå Brekkestø i dåverande Vestre Moland i Aust-Agder. Han var stortingsrepresentant for Høgre og krinsen Østerrisør på Stortinget i periodane 1910-1912 og 1913-15.
Arnt Ulstrup | |||
Fødd | 24. september 1862 | ||
---|---|---|---|
Død | 14. juli 1922 (59 år) | ||
Statsborgar av | Noreg | ||
Parti | Høgre | ||
Yrke | politikar | ||
Alle verv |
|
Ulstrup var son til ein skipper og gardbrukar. Han vart student i 1883. I 1890 var han ferdig utdanna cand.med. og praktiserte som lege i Lillesand til han i 1891 flytta til Risør, der han i 1910 vart sjukehuslege. Frå 1914 var han bylege i Risør.
Ulstrup, som fyrst i 1902 tok mora sitt etternamn, var medlem av bystyret i Risør frå 1894. Attåt var han styremedlem av den lokale sparebanken, nestleiar i Østlandske fiskeriselskap, stiftar og formann i både Risør havfiskefond og av Risør og omegns fiskeriforening.
Stortingsperiodane 1910-12 og 1913-15 representerte han Risør på Tinget. Begge valperiodane var han medlem av Næringskomiteen, ei kort tid i 1913 var han nestleiar i komiteen.
Kjelder
endre- Lindstøl, Tallak:Stortinget og Statsraadet 1814-1914. Kristiania, 1914