Anders Høegh
Anders Høegh (2. august 1920–1989) var ein norsk krigsflygar utdanna i Little Norway. Han var utplassert ved flybasen North Weald i England.
Anders Høegh | |
Statsborgarskap | Noreg |
Fødd | 2. august 1920 |
Død | |
Yrke | flygar, bedriftsleiar, generalsekretær |
Etter krigen var han knytt til Luftforsvaret og har fleire militære heidersteikn. I 20 år var han generalsekretær i Norsk Aero Klubb, vart æresmedlem og tildelt NAKs gullmedalje i 1987. Han var også aktiv i Oslo Flyklubb.