Anders Celsius

svensk astronom, fysikar og matematikar

Anders Celsius (27. november 170125. april 1744) var ein svensk astronom, geodet og geofysikar frå Uppsala, der han i 1730 vart professor i astronomi. Frå 1732 budde Celsius nokre år i Tyskland, Italia og Frankrike. Han var opphavsmann til, og deltakar i, den franske gradmålingsekspedisjon til Lappland, som saman med ein liknande ekspedisjon til Peru fastslo at jorda er flattrykt ved polane.

Anders Celsius

Anders Celsius
Fødd27. november 1701(1701-11-27)
Uppsala i Sverige
Død25. april 1744 (42 år)
Uppsala i Sverige
NasjonalitetSvensk
OmrådeAstronomi, fysikk, matematikk, geologi
Yrkeastronom, fysikar, matematikar, universitetslærar, oppfinnar, kjemikar, meteorolog
InstitusjonarUppsala universitet
Det franske vitskapsakademiet
Uppsala universitet
Alma materUppsala universitet
DoktorgradsrettleiarJacques Cassini
Eric Burman
Kjend forCelsius
MedlemRoyal Society
Deutsche Akademie der Naturforscher Leopoldina
Kungliga Vetenskapsakademien
Det prøyssiske vitskapsakademiet
Kungliga Vetenskaps-Societeten i Uppsala
Signatur

Han grunnla Uppsala astronomiobservatorium i 1741 og i 1742 føreslo han Celsius-skalaen for temperatur som er kalla opp etter han.

På 1700-talet hadde vitskapsmenn for første gong greidd å laga nøyaktige termometer. Den første i verda som laga eit godt termometer, var Daniel G. Fahrenheit. Men mange, blant dei Celsius, syntest at Fahrenheit-skalaen var for ulogisk. Celsius ville laga ein betre skala for måling av temperatur, og han valde å fastsetja nullpunktet til kokepunktet til vatn under normalt trykk ved havyta. Smeltepunktet for vatn definerte han som 100 °C, og intervallet mellom dei to temperaturane delte han inn i 100 like steg, eller grader.

I 1747 bytte ein om definisjonane, slik at smeltepunktet vart 0 °C og kokepunktet 100 °C, men elles står Celsius sitt arbeid med temperaturskalaen ved lag.

Celsius døydde i Uppsala i 1744, av tuberkulose.

Kjelder

endre