Anagram
Anagram er ord (evt. tal eller ordsekvensar) som er laga ved å setja saman alle bokstavane frå eit anna ord i ei ny rekkjefølgd. Til dømes er «snorke» eit anagram av «norske».
Sjølve ordet anagram er samansett av dei greske orda ana (på ny) og gramma (bokstav).
Anagram vert gjerne nytta i satire og humor ved at bokstavane i namnet åt ein person blir stokka om til å forma ein karakteristikk som ein synest høver til personen.
Nokre døme på anagram
endre- Frankenstein = Tanken er nifs
- Mel Gibson = Mobil seng
- Trond Giske = Nedrig tosk
- Knut Hamsun = Human kunst
- Morten Harket = Herr tanketom
- Geir Karlstad = Er stadig klar
- Ringo Starr = Stor raring