Bahai
Bahá'í-trua* er den yngste av av dei monoteistiske verdsreligionane. Ho har totalt over seks millionar tilhengarar på alle kontinenta. Religionen er den nest mest geografisk spreidde etter kristendommen. Grunnleggjaren Bahá'u'lláh* (1817-1892) understrekar «einskapen åt menneskja, slår fast at dei store religionane er som kapitel i éi bok og formulerer visjonen av ein ny verdsorden grunna på andelege prinsipp».
Bakgrunn
I Iran i år 1844 forkynte Báb* (1819-1850) at han var forløparen til den lova i alle religionar. Bábs følgjesveinar vart kalla bábíar. Bahá'u'lláh vart raskt ein av Bábs leiande forkynnarar, og i 1863 i Bagdad grunnla han bahá'í-religionen. Etter Bahá'u'lláhs forvisning og bortgang i det Hailage landet i 1892 fortsette sonen hans `Abdu'l-Bahá* (1844-1921) utbreiianga av trua. `Abdu'l-Bahás barnebarn Shoghi Effendi (1897-1957) vart utpeikt til bahá'í-trua sin beskyttar. Under hans inspirerte leiing vaks trua globalt. I dag blir det internasjonale bahá'í-samfunnet leia av det demokratisk valde Universelle Rettferdas Hus, med sete på Karmelfjellet i byen Haifa i det nordlege Israel.
Sosiale prinsipp
Dei sentrale prinsippa er Guds einskap, ei skapande kraft, Gud, som gjer seg kjent for menneska via Guds budberarar (eller profetar). Uavhengig leiting etter sanninga krevs og ein må fri seg frå fordommar og overtru. Bahá'u'lláh meiner at religion og vitskap må vera i harmoni. Religion må danne grunnlaget for einskap og kjærleik. Like rettar for kvinner og menn trengst for denne tidsalderen. Eit internasjonalt hjelpespråk bør bli utvikla og grunnleggjande utdanning for alle er nødvendig for økt forståing og betre kommunikasjon mellom landa. Det krevst òg ei rettvis fordeling av jordas ressursar. Bahá'u'lláh peikar òg på at globale føderale institusjonar for å sikre verdsfreden må opprettast. Ein felles valuta med felles mynteining blir føreslege — med mål om å forenkle økonomiske transaksjonar og foreine verdas nasjonar.
Bahá'íenes heilagaste bok og hovudverk er Kitáb-i-Aqdas skriven av Bahá'u'lláh sjølv i 1873. Boka består av 190 vers og utdjupande kommentarar. Innhaldet spenner frå lover, formaningar, profeti, levereglar og arverett til organisering av eit fremtidig verdssamfunn. Ho vart omsett til engelsk i 1992. Andre hovudbøker er Vissheitas bok [Kitab-i-Iqan] og Dei skjulte ord.
Ein ny kalender
Báb etablerte den nye tidsalderen med ein ny kalender med året delt inn i 19 månader à 19 dagar. Kvar månad har eut av Guds namn. Året har 9 heilagdagar. I tillegg er det fire/fem skotårsdagar. Nyår blir feira når sola går inn i stjernebildet Vêren. Dette skjer enten 20., 21. eller 22. mars.
Ritual
Nokre få og enkle ritual finst:
- Eit kort ekteskapsvers blir lese
- Nokre få gravleggjingsregler finst
- Bahá'íar skal:
(*) Skrivemåte og tyding
- Bahá'u'lláh (بهاءالله på arabisk) betyr Guds Herlighet
- Báb (باب på arabisk) betyr Porten
- Bahá'í (Arab.) betyr den som følger lyset
- `Abdu'l-Bahá (Arab.) betyr Bahás tjener