Åse Kleveland
Åse Maria Kleveland (fødd 18. mars 1949 i Stockholm) er svensk-norsk kulturarbeidar, politikar og tidlegare artist. Ho har sidan 2007 vore styreleiar i Human-Etisk Forbund.
Åse Kleveland | |
Åse Kleveland taler på Eidsvoll 17. mai 2007 Foto: Harry Wad | |
Statsborgarskap | Noreg, Sverige |
Fødd | 18. mars 1949 (75 år) Stockholm |
Yrke | Sangerinne, politiker og kulturarbeider |
Språk | svensk, norsk, engelsk, fransk |
Politisk parti | Arbeidarpartiet |
Medlem av | Ballade!, Human-Etisk Forbund |
Ektefelle | Svenolov Ehrén (1972-82) (skilt) Oddvar Bull Tuhus |
Partnar | Oddvar Bull Tuhus |
Åse Kleveland på Commons |
Ho budde i Noreg frå 1957 og medverka i norsk fjernsyn og radio frå 1959. Frå 1990 til 1996 var Kleveland norsk kulturminister i Gro Harlem Brundtland si regjering. Frå 1999 til 2005 var ho direktør for Svenska filminstitutet. Frå 2006 har Kleveland vore direktør for dei norske Rikskonsertane.
Ho debuterte i Hylands Hörna, turnerte verda rundt, eit par år spelte ho teater i Stockholm, deretter gitar i Norge. «Intet er nytt under solen», framført av Åse Kleveland og skriven av Arne Bendiksen, vann norsk Melodi Grand Prix i 1966 og kom på 3. plass i den internasjonale finalen samme året. Ho var vertinne ved Melodi Grand Prix-finalen i Bergen i 1986 etter at Bobbysocks hadde vunne for Norge året før.
Åse Kleveland var medlem i visegruppa Ballade!. Som songar er ho kjent for sin mørke og sjelfulle stemme. Ho både syng og spelar gitar og har komponert songar i visetradisjonen.
10. juni 2007 vart ho samrøystes vald til styreleiar for Human-Etisk Forbund.
Private forhold
Kleveland er gift med Oddvar Bull Tuhus. Ho har tidligare vore gift med den 22 år eldre svenske billedkunstnaren Svenolov Ehrén frå 1972 til 1982.
Hun er dotter til norske Olaf Kleveland frå Evje og svenske Eva Maria. Far hennar, Olaf Kleveland kom til Sverige i 1943 som flyktning og budde der saman med kone og barn heilt til dei i 1956 flytta til Noreg og etter kvart til Romerike. Han fekk arbeid på Institutt for atomenergi på Kjeller [1].
Åse Kleveland som deltakar i Melodi Grand Prix
År | Tittel | Plassering i den norske finalen | Plassering i den internasjonale finalen | |
---|---|---|---|---|
1966 | Gi meg fri | Nr. 2 | ||
1966 | Intet er nytt under solen | Nr. 1 | Nr. 3 |
Eksterne lenker
- Biografi på Stortinget.no
- Svenska filminstitutet
- Rikskonsertene
- Det suser i serken (portrett) (Dagbladet, 2005)
Føregangar Eleonore Bjartveit |
Noregs kulturminister 1990–1996 |
Etterfylgjar Turid Birkeland |