Midt-Noreg

Versjonen frå 30. desember 2007 kl. 03:32 av Olve Utne (diskusjon | bidrag)

Midt-Noreg er ein norsk landsdel som omfattar trønderfylka Nord-Trøndelag og Sør-Trøndelag, i tillegg til Møre og Romsdal fylke, særleg Romsdal og Nordmøre, og til tider sørlege delar av Nordland. Omgrepet blir bruka ein del, men utover at området fell rettsleg saman med Frostating lagdømme, Helse Midt-Noreg og Statens vegvesen, region midt[1], har ikkje området formell status som landsdel. Møre og Romsdal fylke blir vanlegvis rekna som ein del av Vestlandet i statistisk og næringspolitisk samanheng. Når det gjeld formelle inndelingar, er Møre og Romsdal eiga eining, per 2006 i form av eit einskapsfylke, og meiningsmålingar viser at fleirtalet i folket i fylket vil at det framleis skal vere eiga eining også etter ei eventuell regionreform er gjennomført.

Norske landsdelar

Landsdelar i Noreg
Landsdelar i Noreg
Spire Denne geografiartikkelen er ei spire. Du kan hjelpe Nynorsk Wikipedia gjennom å utvide han.