Kura

Versjonen frå 26. desember 2007 kl. 18:32 av Hxhbot (diskusjon | bidrag) (robot endra: tr:Kura Nehri)

Kura (georgisk მტკვარი - Mtkvari, aserbajdsjansk Kür) er ei elv i Kaukasus, som renn frå Tyrkia via Georgia til Aserbajdsjan, der ho møter elva Aras før ho renn ut i Kaspihavet. Den totale lengde hennar er 1 364 km.

Kura
elv
Kura ved Tbilisi
Land Tyrkia
Nedslagsfelt 86 000 km² km²
Sideelvar Aras
Lengd 1 364 km km
Kjelde Aust i Tyrkia
Munning Kaspihavet, Georgia, Aserbajdsjan
Kart
Kura
40°50′01″N 42°49′12″E / 40.833554°N 42.820133°E / 40.833554; 42.820133
Wikimedia Commons: Kura River

Namnet Kura kjem av namnet Kurosh, som er persisk uttale av namnet på den persiske kongen Kyros den store. I eldgamle vestlege dokument vart elva kalla Cyrus. Det georgiske namnet på elva er Mtkvari, som tyder «saktegåande». Namnet Kura vart først brukta av russarane og seinare av europeiske kartografar.

Tidlegare var det mogeleg å segle på elva heilt opp til Tbilisi i Georgia, men ho er no mykje grunnare og saktegåande, sidan mykje av vatnet vert brukt til straumproduksjon. Elva er forholdsvis forrureina på grunn av store industrisenter som Tbilisi og Rustavi i Georgia.

Det finns to andre elver med liknande namn, Kur nær Kursk i Russland, og ei anna Kur nær Khabarovsk, som òg ligg i Russland.

Kür i Aserbajdsjan

Kür og Aras er dei største elvene i Aserbadsjan, og dei renn gjennom låglandet Küra-Arax. Elvene som renn direkte ut i Kaspihavet kjem frå dei nordaustlege fjellsidene i Store Kauaksus og Talysh-fjella, og renn over låglanda Samur-Devechi og Lenkeran.

Kür (Mtkvari) sitt nedslagsfelt (86 000 km²) før ho renn i saman med Aras, er mindre enn Aras sitt nedslagsfelt (101 937 km²). Elva vert likevel framleis kalla Kura etter dei renn i hop fordi vassnivået i Kura er dobbelt så høgt som Aras sitt.

Kjelde