Vefsn Mållag
Vefsn Mållag vart stifta 10. oktober 1899 som Mosjøen og Vefsen Maallag. Laget er direkte innmeld i Noregs Mållag.
Den fyrste formannen var lærar og seinare stortingsmann Anton Mikal Bjørnaali. I 1906 var laget med å etablere Kaffistova i Mosjøen, ein spisestad som mållaget i dag eig i lag med Hålogaland Ungdomslag. Mållaget var sentralt i arbeidet for å etablere ei bygdesamling i Vefsn, og laget har av den grunn ein medlem i styret for Vefsn Museum.
Gjennom vel hundre år har arbeidet for nynorsk mål i skule, kyrkje og samfunn vore sentrale arbeidsfelt. Meir generell folkeopplysing har i periodar vore like så viktig for laget.
Litteratur
- Kristian Halse (1997) «Mållaget i Vefsn - eit farande folkeakademi» i Far etter fedrane 1998 ISBN 82-90775-18-0