Mecom

Versjonen frå 10. oktober 2007 kl. 18:06 av Knut (diskusjon | bidrag) (wikistandard med utheva skrift i oppslagsord, kategori)

Mecom Group plc er eit investeringsselskap som held til i London. Selskapet vart etablert i 2000 av dagens styreformann David Montgomery. børsnotert i mars 2005 og har spesialisert seg på å kjøpe medieselskap, særleg selskap som eig lokale og regionale aviser. I 2007 har selskapet aktivitetar i Noreg, Danmark, Nederland, Tyskland, Polen, Sverige, Ukraina og Litauen. Aktivitetane i Noreg er underlagt selskapet Edda Media, i Danmark er aktivitetane samla i Berlingske Officin. Desse to selskapa er ei vidareføring av delar av aktivitetane i det tidlegare Orkla Media.