Star Trek
Star Trek er ein TV-serie i Science fiction-sjangeren skapt av Gene Roddenberry i 1966. Den handlar om mannskapet ombord på romskipet Enterprise og deres reiser "to boldly go where no man has gone before". Originalserien blei stansa i 1969, men fansen nekta å la serien døy. Siden den gong er det blitt produsert fleire seriar og kinofilmar. Seriens skaper, Gene Roddenberry, døydde mens innspillinga av Next Generation-serien var i sin fjerde (kommentar: femte?) sesong.
Dei ulike seriane (kronologisk)
Star Trek (Originalserien)
Star Trek (The Original Series) (ofte forkorta TOS for "The Original Series") hadde ikkje nokon stor suksess i starten. Det viste seg forøvrig etter at serien var stansa at Star Trek hadde meget trofaste og engasjerte fans. Fansen som referte til seg sjølv som Trekkies, gjorde det populært med repriser og skapte eit marked for seinare seriar og kinofilmar basert på Roddenberrys verk. Star Trek-historiene annerkjennes nå som ein del av amerikansk kultur, og oppnår stadig meir popularitet internasjonalt, inkludert Noreg. Delvis takka vere lobbyverksamd frå fansen bestemde NASA seg for å kalle ein romferge-prototype for Enterprise.
Mange av episodane i den første serien handlar om møte med vesen longt mektigare enn romskipet og mannskapet ombord. Desse vesena tok skikkelse i mange ulike former: avanserte romvesenrasar med psykiske kreftar, farlege romvesenmaskinar og i eit tilfelle, ein gud. Nokre gongar fekk ein av mannskapet gudaktige eigenskapar etter ei merkeleg ulykke, noko som nesten alltid satte dei sjølv og mannskapet i fare. Ein varsemd i forhold til maskinar oppstod og i mange episodar redda Kaptein James T. Kirk (spela av William Shatner) fremmede kulturar frå undertrykking av diktatoriske datamaskinar.
Dei fleste situasjonar løste seg når vesenet eller maskinen var nær ved å øydeleggje skipet eller gjere mannskapet til slavar, men vart så redda av Kirk. Hans vanlege strategi var å lure fienden med "deux ex machina", ofte etterfølgd av ein glødende appell til humanistiske verdiar.
Samfunnet og Star Trek
Star Trek - The Next Generation ga oss mykje meir bakgrunnsinformasjon om Føderasjonen, ein blanda union mellom ulike rasar med hovedbasen på Jorden. Føderasjonen bruker ikkje pengar. Økonomien er basert på prinsippet om overflod, blant anna takka vere replikator-teknologien (gjenstandar - mat, klær, etc. - kan produserast frå rein energi).
Overfloden fører til at alle får tilfredstilt sine økonomiske behov. Arbeid, kjøp og salg er derfor ikkje nødvendig, og pengar har dermed utspilt si rolle (kan diskuteres). Andre rasar bruker likevel pengar. Ein rase kalla Ferengi (i Thailand ein nedsetjande nemning på vestlege menn) er derimot meget opptatt av pengar.
I Føderasjonen er uønska kjensler som grådighet og sjalusi meget redusert, siden eiendelar ikkje har nokon verdi utover den sentimentale. Karakterar, især Kaptein Jean-Luc Picard, leggjer ofte ut om korleis folk i Føderasjonen nå berre strevar med å forbetre seg sjølv og menneskeheten, ofte fulgt av eit spørsmål som "Kva bruker du dagen din til?".
Mange episodar og filmar handlar om ein trussel til "status quo", noko som ofte vert løyst av mannskapet, og ved slutten av episoden er som regel alt tilbake til det normale. På engelsk er denne formen for selvstendige episodar refert til som "reset button". Når ein er ferdig med å leke må ein putte alle klossane attende i kassen. Mange TV-serier har fått sin bane av denne måten å gjere det på. På slutten av Voyager- og Deep Space 9-seriene var denne metoden forlatt til fordel for vedvarende episoder. Gene Roddenberry var sjølv glad i dei sjølvstendige episodane, og det at han døde i 1991 (under innspillingane av Next Generation), kan ha vært med å medvirke til at denne metoden vart forlatt.
Roddenberry var ein glødande forkjemper for likhetspolitikk, og brukte ofte TV-seriane til å vise sin visjon for eit framtidssamfunn basert på denne politikken. Originalserien hadde ein framtredene afrikansk-amerikansk kvinne som en del av mannskapet, Nyota Uhura (spela av Nichelle Nichols). Nichols var den første afrikansk-amerikanske kvinne til å inneha ei hovudrolle på amerikansk TV. Whoopie Goldberg (som er med fra andre sesong av Next Generation) har sjølv sagt at en av grunnane til at ho regnar seg som ein trekkie var rollemodellen som Nichols var for henne. Bare 21 år etter at atombombene vart droppa over Hiroshima og Nagasaki, hadde Star Trek ein japansk offiser, Hikaru Sulu (George Takei) ombord. I den andre sesongen - kan hende etter klagar frå Sovjet om at det "internasjonale" mannskapet ikkje hadde noen Sovjettere - vart ein russisk karakter, Pavel Chekov (Walter Koenig), skreve inn i serien.
Den vulkanske førstestyrmannen, Mr.Spock (Leonard Nimoy) vart først avvist av TV-stasjonen fordi dei frykta at hans vage satanistiske utseende ville føre til klagar. Det endte forøvrig med at Mr.Spock vart ein av de mest populære karakterene i TV-serien, kan hende på grunn av hans rolle som eit fredelig, logisk og rolig motstykke til Doktor McCoys glødande, gammeldagse og hissige personlighet.
Dagens TV-sjåarar vil kanskje se på originalseriens fremstilling av minoriteter og kvinner som gammeldags, men serien var fremskrittsvennlig, åpen og liberal i si tid. Ein av Star Treks meir berømte sider var at det viste det første kysset mellom ein europeisk-amerikansk og ei afrikansk-amerikansk på TV i USA. I ein episode kor tankekontroll vart brukt som unnskyldning til å bryte den tabuen, vart Kaptein Kirk og Uhura tvunga til å utføre det første kysset mellom rasar (episode 67, Platons Stebarn). Serien hadde også en meget mektig romvesenrase, Klingonene, som likna meir om jordens asiatere, fremfor mektige kvite europeere. Det er delte meiningar om dette er ein henvisning til det røde Kina eller eit forsøk på å oppnå iet balansert syn på etnisitet.
Star Trek: The Animated Series
Star Trek: The Animated Series er ein tegnefilmserie satt i det fiksjonelle Star Trek-universet. Det offisielle namnet på serien var berre Star Trek, men tilføyelsen "The Animated Series" brukes av fansen til å skilje den frå den originale Star Trek-serien (eller Star Trek (The Original Series)).
Serien blei produsert av selskapet Filmation og hadde to sesonger 1972-1973 som samla utgjer 22 episoder à 30 minutter. Serien viste det meste av den originale besetningen som også gav røystane til karakterane, med unntak av Pavel Chekov (Walter Koenig), som vart erstattet av Løytnant Arex. Arex var en del av ein trefotet rase som hadde tre armar og tre bein.
Ein vona at Star Trek skulle kunne ta i bruk all den fridommen som animasjonar gjev, men budsjettrammene var fortsatt eit problem, og kvaliteten på animasjonene var dårleg. I det minste gav det moglegheit til eit mykje meir omfattande landskap på fremmede planetar enn det eit lite studio kunne gje.
Det må merkast at sjølv om Enterprise-skipet var det samme som i originalserien, så hadde dette skipet eit holodekk, i likhet med skipet som vart introdusert i The Next Generation-serien.
Star Trek: The Next Generation
I 1997 blei ein ny TV-serie lansert, Star Trek - The Next Generation (forkorta til ST:TNG eller berre TNG), med eit nytt mannskap og ein ny handlingstråd. I motsetning til originalserien møter mannskapet ombord USS Enterprise NCC 1701-D som regel på andre rasar som er teknologisk jamnbyrdige. Ein god del episodar er uten møtar med andre raser, slik som tidssløyfar, karakterdrama og naturkatastrofar.
Sjølv om mannskapet også i denne serien møter på avanserte rasar er det mindre triksing og fiendlighet ute og går, som regel prøver dei å finne ei fredelig løysing. I nokre tilfelle løysas det heile på ein humoristisk måte.
Ein stor forskjell frå originalserien er fokuset på Hoveddirektivet (Prime Directive) som seier at den avanserte Føderasjonen ikkje skal blande seg inn i den teknologiske og moralske utviklingen av andre kulturer. Dette vart ofte brukt i handlingen til å skape moralske konflikter mellom karakterene, og dei måtte bevitne rasar i nød som dei var juridisk hindra frå i å hjelpe.
Den største forskjellen mellom TOS og TNG er forøvrig at episodane var historisk knyttet til kvarandre. Gjenstander, fiendar og karakterar frå tidligare episodar kom ofte att, noe som styrka sammenhengen mellom episodane. Ein meget viktig karakter som gjekk att i heile serien, Q, vart introdusert i den første episoden (Encounter at Farpoint). Han var den mest innflytelsesrike enkeltfienden i heile serien, og var planlagd til å vere det.
Roddenberry vart vedvarende kreditert som Executive Producer for Star Trek: The Next Generation, men hans inflytelse blei svekka ettersom serien vart produsert. Når produsenten Rick Berman kom inn i bildet vart serien meir aktiv i sin natur og baserte seg meir på action og kriging. Dette vart tydelegare i dei seinare episodane av TNG, og var basis for det vidare plottet i serien.
Star Trek: Deep Space Nine
I 1993 lanserte Paramount Pictures Star Trek - Deep Space 9 (ofte forkorta DS9) som gjekk samtidig med slutten av The Next Generation og dei fleste sesongane av Voyager. DS9 var et avvik fra den vanlege Star Trek-oppskriften ved at serien ikkje handla om romskipet Enterprise og mannskapet ombord. I staden handla serien om romstasjonen Deep Space Nine, ein fjern Føderasjonsutpost på ein tidligare Cardassisk gruvestasjon.
Deep Space Nine forlot dei meir utopiske emnene frå tidligare Star Trek-serier, og fokuserte meir på krig, politikk og kompromiss, og andre moderne emner. Kommandør Benjamin Sisko (Avery Brooks) vart tvunga til å samarbeide med eit splitta bajoransk styre med sin førsteoffiser, Major Kira (Nana Visitor). Som ein tidligare motstandsleder ønskja ho i byrjinga ikkje Føderasjonens hjelp til å drive stasjonen.
Eit anna eksempel på DS9s mørkere, mer kontroversielle handling er Seksjon 31, ei politiavdeling i Stjerneflåtens Etteretningstjeneste (Starfleet Intelligence) dreva i all løyndom. Denne udemokratiske skyggeorganisasjonen rettferdiggjer sine ulovlige, etisk betenkelige taktikker med at han er nødvendig for Føderasjonens vedvarande eksistens.
Star Trek: Voyager
Star Trek - Voyager vart først send på TV i 1995, like etter at The Next Generation-serien var avslutta. Den blei satt i den samme tidsperioden som Deep Space Nine, men denne gongen på eit skip igjen - USS Voyager. I pilotepisoden vert Voyager send på eit oppdrag for å spore opp eit skip styrt av ein cellegruppe av Maquis, ein anti-Cardassiansk terroristorganisasjon (eller motstandsbevegelse, utfrå augo som ser). Under ein jakt gjennom eit område kjend som the Badlands, vert skipa transportert til den andre sida av galaksen gjennom eit fremmedartet apparat. Mannskapet ombord dei to skipa vert tvunga til å slå seg sammen etter at Maquisenes skip vert øydelagt av Kazonere.
Sjølv om dei to første sesongene fokuserte på konflikten mellom dei fridomselskande Maquisane og det organiserte Føderasjonsmannskapet, konsentrerte serien i all hovedsak seg om utforskingen av Delta-kvadranten av galaksen (Jorda er i Alfa-kvadranten) under Voyager-skipets lange reise heim. På veien heim må skipet med det passende namnet hamle opp med organstjelande Vidiianere, Borgenes marerittslegionar og den ekstradimensjonelle skrekken fra Species 8472.
Star Trek: Enterprise
(2001-)
I 2001 starta den nyeste serien som opprinnelig bare fekk navnet Enterprise. Enterprise vart satt i år 2151, ti år før Føderasjonen vart skipa. Det var også den første serien uten orda "Star Trek" i tittelen. Den hadde meir action, meir fokus på farar forbundet med utforskingen av verdsrommet med underlegen teknologi. Den hadde også ein "Temporal Cold War"-plot som ser ut til å lede bort frå den tradisjonelle Star Trek-tidslinja. Ved starten av den tredje sesongen i 2003 endra dei tittelen frå berre Enterprise til Star Trek: Enterprise. Ein del av fansen protesterte høylytt mot denne nyeste Star Trek-serien. Dei så på det som bare et forsøk på å tjene penger med meir action og fokus på lettkledde romvesenkvinner, og dermed avsporing frå meir sentrale temaer frå dei tidligare seriane. Andre har hevdet at dei generelt sett lave sjåartala skyldes eit forsøk på å markedsføre deres TV-stasjon, UPN, mot ein yngre, mannlig målgruppe. Enterprise har dei laveste sjåartala for ein Star Trek-serie nokonsinne, ein nedadgående trend siden avslutninga av The Next Generation.
Enterprise-serien er framleis i produksjon og er i 2003 i sin tredje sesong.
Kinofilmar
Det er vorte produsert 10 kinofilmar, kor den siste var planlagt vist på norske kinoar, men vart aldri vist grunnet dårlege visningstal i utlandet. Delvis på grunn av sterkt press fra fansen vart det likevel satt opp fire spesialforestillinger med Star Trek: Nemesis på Eldorado kino i mars 2003.
Filmar basert på TOS-mannskapet
- Star Trek: The Motion Picture (1979)
- Star Trek II: The Wrath of Khan (1982)
- Star Trek III: The Search for Spock (1984)
- Star Trek IV: The Voyage Home (1986)
- Star Trek V: The Final Frontier (1989)
- Star Trek VI: The Undiscovered Country (1991)
Filmar basert på TNG-mannskapet
Star Trek i Norge
Visningar på norsk TV
Star Trek vart vist på norsk TV første gang i 1996. Då viste TVNorge dei 3-4 første sesongene av The Next Generation. Nokre år seinare viste TV2 stort sett dei samme episodane. Frå og med 2003 starta TV2 med å vise Voyager på søndager. Fansen i Norge har protestert mot at Voyager-serien ofte faller bort frå sendeplanen på grunn av sportssendinger. TV2 har nå også starta med å sende serien på laurdager, og dermed forhåpentligvis unngå at det går fleire veker mellom kvar episode. Ulike TV-kanalar har også vist enkelte av filmane.
Ein del hadde også på slutten av 80-tallet og starten av 90-tallet sjansen til å sjå originalserien og seinere Next Generation på den britiske TV-kanalen Sky One. Denne kanalen vart imidlertid koda like etter oppstart av Deep Space Nine-serien.
Norsk fanklubb
I Noreg finst det ein eigen fanklubb for alle Star Trek-fans (Trekkers/Trekkies). Denne har utgangspunktet sitt i ei nettside starta av Mads Andre Strømsnes som vart offisielt lansert 1. august 2001 og med nytt design og publiseringssystem 2. juni 2002. Nettsida blir driven på frivillig initiativ, men ein seinare oppstarta nettbutikk dekkjer no dei fleste utgiftene.