Lauvålibåt

Versjonen frå 15. desember 2024 kl. 20:15 av Andreasv (diskusjon | bidrag) (lenkje)

Lauvålibåt er ein robåt i tre som er bygd etter gamal handverkstradisjon frå Gausdal i Gudbrandsdalen i Innlandet fylke.[1]

Bakgrunn

Lauvålibåten har namn etter Amund Lauvålien (1866 – 1952). Han dreiv som båtbyggar, smed, og altmulegmann. Frå kring 1900 utvikla han denne båttypen. Etter kvart vart nokre av sønene hans med på å bygge båt. Dei reiste mykje rundt i bygda og bygde båt av material som tingaren rådde over, Denne varierte mykje i kvalitet, noko som og gjorde at Ikkje alle båtane vart like gode. I Espedalen vart gran brukt til båtbord.[2]

Båten

Lauvålibåten er ein spissbåt, noko meir butt framme enn bak. Båtane har vorte bygde etter malar.

Båten vert bygd på eit stativ. Han snur opp-ned medan første omfara vert sette på. Botnen, eit bord på kvar side, vert spikra til kjølen. Spikarane må gjerne krøkjast litt, så dei skal gå rett. Dei første borgangane er skøytte. Vindbordet, det første etter botnen, og som er tilhogge eller dampa og benda, er skøytt på to stadar. Borda er ofte skøytte ved banda. Vidare i bygginga vert båten snudd med kjølen ned. Dei øvste borda er heile, frå stamn til stamn. Båttradisjonen i Gausdal ser ut til å vere påverka av områda rundt. Bord av heile lengder er vanleg nørst i Gudbrandsdalen, medan dei har vorte skøytte i Valdres.[3]

Tidlegare vart mange båtar bygde med spikar som vart nødd (benda) på innsida. Etter kvart har bruk av båtsaum vorte vanleg. [2]

I dag

Handverksteknikken med å bygge Lauvålibåt er raudlista av Norges Husflidslag.[1] Det betyr at denne båtbyggartradisjonen kunne stå i fare for å bli gløymt. For å ta vare på kunnskapen gjekk Gausdal Husflidslag og Gausdal Historielag i gong med bygging av to trebåtar, med støtte frå Forbundet Kysten.[4]

Lauvålibåtane «Ragnfrid» og «Eilifr» stod ferdige i 2019 og 2020. Det var då 50 år sidan siste båt av denne sorten blei bygd.[2] Dei som deltok i arbeidet har no kunnskap om den lokale båtbyggartradisjonen.[1]


Kjelder

  1. 1,0 1,1 1,2 «Lauvålibåt – bygging og bruk av båten i fjellfiske». Henta 3. desember 2024. 
  2. 2,0 2,1 2,2 «LAUVÅLIBÅTEN» (PDF). Husflid.no. Henta 3. desember 2024. 
  3. Espen Skjærbakken, red. (2008). «Lauvålibåten». Indre Østlandets trebåter. Elverum: Norsk Skogmuseum. s. 37. ISBN 82-90660-24-3. 
  4. «Disse fikk støtte i andre runde». Henta 3. desember 2024.