Hans Øy

Versjonen frå 14. juni 2022 kl. 08:40 av Knut (diskusjon | bidrag)

Hans Øy (grønlandsk Tartupaluk, dansk Hans Ø, engelsk Hans Island) er ei øy i Kennedykanalen mellom Grønland og Ellesmere Island med posisjon 80°49'N, 66°26'V. Øya ligg kring 350 km nord for den nordlegaste grønlandske busetnaden Qaanaaq (Thule). Næraste kanadiske tettstader er eskimobusetnaden Ausuittuq (Grise Fjord), 700 km sør. Den nordlegaste bemanna radio- og verstasjonen i verda er Alert, 200 km nord. Det er normalt berre mogleg å koma til øya med båt på spesielt milde somrar.

Hans Øy i Kenndykanalen

Øya er ei avlang og gold landtunge på 1,3 km², hovudsakleg av kalkstein. Øya vart oppkalla etter den grønlandske guiden Hans Hendriksen Suerssaq under ein amerikansk polarekspedisjon leia av Charles Francis Hall mellom 1871-1873.

Frå 1973 til 2021 gjorde både Canada og Danmark krav på øya. Øya kan verta viktig, om det på grunn av global oppvarming vert opna ein sjøveg nord om Canada til Stillehavet, ogsStriden tok seg opp etter at den danske fregatten KDM «Vædderen» patruljerte i området mellom Ellesmere Island og Grønland og heiste det danske flagget Dannebrog på Hans Øy den 13. august 2002. I august 2003 vart flagget utskift av mannskapet på kanadiske HDMS «Triton». I 2018 vart det oppretta ei arbeidsgruppe som skulle løse problemet med den 1,3 kvadratkilometer store øya, og i november 2021 vart det semje om at dei to landa skulle overta kvar sin del av øya. Den nye grensa over Hans øy blir også den nordlegaste grensa for EU.[1]

Bakgrunnsstoff