Agenda 2030
Agenda 2030 eller SN-måla for berekraftig utvikling er ein felles arbeidsplan vedteken av Dei sameinte nasjonane (SN) for å utrydda fattigdom, kjempa mot ulikskap og stoppe klimaendringane innan 2030. Dei består av 17 hovudmål og 169 delmål. Berekraftsmåla skal fungera som ei felles global retning for land, næringsliv og sivilsamfunn. Måla vart laga på ein demokratisk måte gjennom innspel frå land over heile verda og over sju millionar menneske fekk sagt meininga si gjennom ei spørjeundersøking. Eit av hovudprinsippa i desse SN-måla er at ingen skal utelatast (på engelsk omtalt som leaving no one behind). Ekskluderte grupper, som menneske med nedsett funksjonsevne, flyktningar, etniske og religiøse minoritetar, jenter og urfolk, er høgt representerte blant dei som framleis lever i fattigdom.[1]
Bakgrunn
FNs tusenårsmål (engelsk: Millennium Development Goals) er rekna som ein suksess. Dei har bidratt til mobilisering og partnarskap for fattigdomsbekjempelse, helse, likestilling og utdanning globalt.[2] Arvtakeren, SNs nye utviklingsmål (engelsk: Sustainable Development Goals) har høg prioritet og vart offisielt vedtekne under SNs hovudforsamling i 2015. 1. januar 2016 trådde SNs berekraftige utviklingsmål i kraft. Desse måla er globale mål for å gjera slutt på alle former for fattigdom. Det krev handling frå alle land, både rike og fattige for å oppnå måla. Dei er ikkje juridisk bindande, men det er forventa at alle land skal ha eigarskap til måla og etablera nasjonale rammeverk for å nå måla. Kvart land har hovudansvaret for å følgja opp og vurdera framdrifta.[3]
Arbeidet
I motsetnad til utforminga av tusenårsmåla, har FN ønskt ein brei demokratisk prosess i utforminga av dei nye måla. FN har mellom anna stått for det største globale diskusjonsforumet i verda, arrangert møte i nesten 100 land og samla inn røyster frå rundt 4,5 millionar menneske i den største spørjeundersøkinga i verda.[4] På denne måten har meir enn sju millionsr menneske bidrege med forslag til mål.[5]
I tillegg til å henvenda seg direkte til folket, vart mellom anna totalt 70 forskjellige land delt i arbeidsgrupper for å laga sine eigne forslag til utviklingsmål på RIO+20 – konferansen i 2012. Noreg har delt plassen i gruppe med Danmark og Irland.[4] Utkastene ble lagt frem og presentert høsten 2014, som resulterte i en synteserapport fra FNs generalsekretær Ban Ki-moon i desember 2014, der 17 mål og 169 delmål ble presentert.[2]
I dei mellomstatlige forhandlingane som pågår i etterkant av rapporten blir prega av brei trygd til dei 17 måla frå fleirtalet av medlemsland.[2] Samtidig har fleire land, mellom dei Noreg, lagt vekt på ein ny gjennomgang og kvalitetssikring av delmåla ein gang til,[2] for å sørga for at dei er målbare og mogleg å følgja opp i tråd med internasjonale standardar.[2]
Forhandlingane har ikkje vore enkle, mellom anna har det vore stor diskusjon om demokrati skulle vera eit av punkta.[6]
SN-måla for berekraftig utvikling er vorte kritisert.[7] Hovudvekten ligg på dei mange delmåla. I motsetad til tusenårsmåla som lett kunne oppsummerast og hugsast, er det no 17 nye mål og 169 delmål. Kritikken går mellom anna inn på om dette kan vera for mange, og dessutan om det kan bli vanskeleg å måla. Det er òg usemje rundt korleis ein kan nå dei forskjellige måla.[7]
FNs 17 mål for berekraftig utvikling[5]
1. Utrydda all fattigdom.
2. Utrydda sult, oppnå matsikkerhet, betra ernæring og fremja berekraftig landbruk.
3. Sikra og fremjae god helse for alle.
4. Sikre inkluderande og rettferdig kvalitetsutdanning for alle, og fremja livslang læring
5. Oppnå full likestilling mellom kjønna, og myndiggjera kvinner og jenter.
6. Sikra berekraftig forvaltning av, og tilgang til, reint vatn og gode sanitærtilhøve for alle.
7. Sikra tilgang til berekraftig energi som alle kan ha råd til.
8. Fremja varig, inkluderande og berekraftig økonomisk vekst, full sysselsetting og sømeleg arbeid for alle.
9. Bygga robust infrastruktur, framme innovasjon og bidra til inkluderande og berekraftig industrialisering.
10. Redusera forskjellar i og mellom land.
11. Gjera byar og samfunn inkluderande, trygge, robuste og berekraftige.
12. Sikra berekraftig forbruk og produksjon.
13. Handla umiddelbart for å stoppa klimaendringane og kjempa mot konsekvensane.
14. Verna og bruka hav- og marine ressursar på ein berekraftig måte.
15. Verna, gjenoppbygga og fremja berekraftig bruk av jordas økosystem, sikra berekraftig forvaltning av skog, tryggja artsmangfald, kjempa mot ørkenspreiing og stoppa og reversera erosjon.
16. Fremja fredelege og inkluderande samfunn med velfungerende rettssystemer og ansvarlege institusjonar på alle nivå.
17. Styrka mekanismane for implementering av måla, og fornya globale partnarskap for berekraftig utvikling.
SN-måla for berekraftig utvikling i Noreg
SNs utviklingsmål er ikkje berre for fattige land, men for alle land i heile verda. Noreg er eit velståande land med relativt små forskjellar. Likevel er det mål som det òg blir fokusert på her. Måla Noreg har prioritert høgst er: utdanning, helse, utvikling i privatsektoren, å skapa arbeidsplassar, klimatiltak (fornybar energi) og humanitær hjelp. I tillegg styrer følgjande forvaltningssektorar utviklingssamarbeidet: likestilling, menneskerettar, klimaendringar og korrupsjon. Noregs diplomatiske og konsulære oppdrag er viktige frontlinjespelarar. Oppdrag som allereie er engasjert i utviklingssamarbeid. Oppdrag som har fått mandat til å utføra andre oppgåver enn tradisjonelt utviklingssamarbeid har tema prioriteringar som i mange tilfelle[8] er klart kompatible med utviklingsmåla. Generelt er det likevel for tidleg for å fastslå verknaden av utviklingsmåla på Noregs internasjonalt samarbeid.
Kritikk
Våren 2020 vart det frå ymse hald hevda at SN-planane representerer ein farleg, overstatleg globalisme.[12] Motstandarane kritiserte spesielt norske politikarar og kronprins Haakon som ber jakkemerker med FNs regnboge-liknande berekraftssymbol i staden for nasjonalflagget] .[9][10][11][13]
Referansar
- ↑ «FNs bærekraftsmål». www.fn.no (på norsk). Arkivert frå originalen 7. oktober 2017. Henta 10. september 2017.
- ↑ 2,0 2,1 2,2 2,3 2,4 Utenriksdepartementet (29. april 2014). «FNs nye mål for bærekraftig utvikling». Regjeringen.no (på norsk). Henta 2. oktober 2017.
- ↑ «United Nations sustainable development agenda». United Nations Sustainable Development (på engelsk). Henta 10. september 2017.
- ↑ 4,0 4,1 «Arbeidet med FNs bærekraftsmål». Arkivert frå originalen 4. november 2015. Henta 7. september 2015.
- ↑ 5,0 5,1 «Dette er de nye bærekraftsmålene». Arkivert frå originalen 23. mai 2015. Henta 7. september 2015.
- ↑ «Tøff kamp om demokrati som nytt utviklingsmål». NoradDev (på norsk). Henta 2. oktober 2017.
- ↑ 7,0 7,1 «Blir de nye bærekraftsmålene bærekraftige?». RORG-samarbeidet;/root/class/object/article (på norsk bokmål). Henta 2. oktober 2017.
- ↑ Børge, B. Jensen, S. (juli 2017). «One Year Closer: Norway’s progress towards the implementation of the 2030 Agenda for Sustainable Development» (PDF). Norwegian Ministry of Foreign Affairs. Henta 3. oktober 2017.
- ↑ 9,0 9,1 Redaksjonen i resett.no 9. april 2020: Kronpris Haakons Agenda 2030-pin vekker reaksjoner: – Respekten for kongehuset er dalende
- ↑ 10,0 10,1 nettavisen.no 5. mai 2020: FN-pins setter sinnene
- ↑ 11,0 11,1 Bjørgulv K. Bjåen i Vårt Land 5. mai 2020: Strid om politisk pynt - krev flagg på frigjeringsdagen
- ↑ Faktisk.no 6. mai 2020: Motstanden mot FN-nålen starta i ytterleggåande miljø
- ↑ vg.no 30. april 2020: Ramsalt konge-kritikk fra kristen-høyre (kronikk av teolog Idar Kjølsvik )