Trollflaggermus

pattedyrart
Versjonen frå 10. oktober 2021 kl. 18:06 av 46.15.163.62 (diskusjon)

Trollflaggermus (Pipistrellus nathusii) er ei flaggermus i glattnasefamilien. Flaggermusa lever over det meste av Europa, frå Storbritannia i vest til Kaspihavet i aust og nord til Sør-Skandinavia. I Finland vart arten for første gong registrert i 2006.[1] I Noreg er arten kjend frå nokre funn på Vestlandet og Sørlandet. Trollflaggermusa har til og med vore observert langt til havs på Trollfeltet.[2] Han er ein av dei flaggermusartane i Europa som trekkjer lengst, og den norske bestanden er neppe i Noreg om vinteren. Kor mange trollflaggermus som finst i Noreg, er vanskeleg å fastslå.[3]

Trollflaggermus
Trollflaggermus
Trollflaggermus
Utbreiing og status
Status i verda: LC Livskraftig
Status i Noreg: VU SårbarUtbreiinga av trollflaggermus
Utbreiinga av trollflaggermus
Systematikk
Rike: Dyr Animalia
Rekkje: Ryggstrengdyr Chordata
Underrekkje: Virveldyr Vertebrata
Klasse: Pattedyr Mammalia
Orden: Flaggermus Chiroptera
Familie: Glattnasefamilien Vespertilionidae
Slekt: Pipistrellus
Underslekt: Pipistrellus
Art: Trollflaggermus P. nathusii
Vitskapleg namn
Pipistrellus nathusii

Fotnotar

  1. The IUCN Red List of Threatened Species på engelsk
  2. «Fant trollflaggermus på Troll», e24.no (på norsk bokmål), henta 10. oktober 2021 
  3. Artsdatabanken.no

Kjelder

Bakgrunnsstoff

  Wikimedia Commons har multimedia som gjeld: Trollflaggermus