Bjørkemus
Bjørkemus, Sicista betulina, er eit pattedyr i hoppemusfamilien. Ho er den einaste representanten for hoppemusfamilien i Noreg. Bjørkemusa sitt utbreiingsområde strekkjer seg frå Noreg og Danmark i vest til Bajkalsjøen i Sibir i aust, og frå Polarsirkelen i nord til Karpatane i sør. Ho er svært vanleg i delar av Russland og Ukraina, men mindre vanleg der ho førekjem i Vest-Europa. Det er vanskeleg å veta nøyaktig kor stor bestanden er, då bjørkemusa er sky og vanskeleg å fanga.[1] Ho vart først registrert i Noreg i 1907 og har sidan blitt funnen frå Akershus til Nordland, men oftast nord på Austlandet og i Trøndelag.[2] Ho er oppført på raudlista til fleire land i Europa, m.a. Tyskland, Danmark, Romania, Tsjekkia og Litauen, men den norske bestanden blir rekna som trygg.
Bjørkemus | |
Bjørkemus | |
Utbreiing og status | |
Status i verda: Livskraftig Status i Noreg: Livskraftig Utbreiinga av Bjørkemus | |
Systematikk | |
Rike: | Dyr Animalia |
Rekkje: | Ryggstrengdyr Chordata |
Underrekkje: | Virveldyr Vertebrata |
Klasse: | Pattedyr Mammalia |
Orden: | Gnagarar Rodentia |
Familie: | Hoppemusfamilien Dipodidae |
Slekt: | Sicista |
Art: | Bjørkemus S. betulina |
Vitskapleg namn | |
Sicista betulina |
Bjørkemusa finst i diverse landskapstypar. Det har blitt foreslått at ho tilbringer sommaren i våtmarksområde og flyttar til skogområde om vinteren. Ho ligg i dvale i seks månader i året, og mister på den tida opp til halve kroppsvekta si.[1]
Fotnotar
- ↑ 1,0 1,1 IUCN Red List of Threatened Species på engelsk
- ↑ Artsdatabanken.no
Kjelder
- IUCN Red List of Threatened Species på engelsk