Torbjørn Løkken

Versjonen frå 25. august 2021 kl. 11:33 av Ranveig (diskusjon | bidrag)

Torbjørn Løkken (fødd 28. juni 1963) er ein norsk tidlegare kombinertløpar frå Biri i Oppland. 1987 var hans store sesong, han vann då VM i Oberstdorf individuelt og verdscupen i kombinert, samt tre verdscuprenn og noregsmeisterskapen. Løkken var medlem av Biri IL, og gjekk under tilnamnet «Biri'n».

Torbjørn Løkken
Statsborgarskap Noreg
Fødd 28. juni 1963 (61 år)
Gjøvik kommune
Idrett kombinert
Tok del i Vinter-OL 1988
Utmerkingar Aftenpostens Gullmedalje

Aktiv

Løkken byrja markere seg mellom dei beste kombinertrennarane i 1985-sesongen. Han fekk då to andreplassar i verdscupen i kombinert og tok bronsemedaljen i noregsmeisterskapen. Etter ein heller svak 1986-sesong kom han tilbake og var verdas beste kombinerutøvar i 1987. Gjennom sesongen vann han tre verdscuprenn og vart verdsmeister i kombinert i Oberstdorf framom landsmannen Trond Arne Bredesen. Dei same to løparane vann også VM-sølv for Noreg i lagtevlinga, saman med Hallstein Bøgseth.

Løkken vann to verdscuprenn i OL-sesongen 1988, men vart nummer seks i kombinertøvinga under dei olympiske leikane i Calgary. Han trappa ned satsinga på idretten ved sesongslutt i 1988, la opp i 1990 og utdanna seg til sjukepleiar.

Mange år seinare vart det offentleg kjent at Løkken i lang tid hadde vore rusmisbrukar.[1]

Verdscupsigrar

# Dato Sted
1 13. desember 1986   Canada Canmore
2 17. januar 1987   Frankrike Autrans
3 6. mars 1987   Sverige Falun
4 9. januar 1988   Sveits St. Moritz
5 18. mars 1988   Noreg Holmenkollen

Medaljar og besteplasseringar i noregsmeisterskap

  • 1984: Nr 8 i Hof
  • 1985: Bronsemedalje i Tromsø
  • 1986: Sølvmedalje på Vang
  • 1987: Gullmedalje i Steinkjer
  • 1988: Sølvmedalje på Vang

Løkken vart tildelt Morgenbladets Gullmedalje i 1987.

Notar

Kjelder

  • Sportsboken, aktuelle årgangar
  • (en) Torbjoern Loekken – Profil og resultatoversikt hos FIS
  • (en) Torbjørn Løkken – Profil og resultatoversikt i olympiske konkurransar på sports-reference.com.