Jødedommen
Jødedommen er den eldste av dei tre store monoteistiske verdsreligionane og moderreligion for kristendommen. Også islam og bahá'í er utvikla fra jødedommen. Den hebraiske Bibelen, Tanakh, er ògså heilag skrift for dei kristne og blir av dei kalla Det gamle testamentet. Jødedommen er ein abrahamittisk religion.
Jødedommen er, grunnleggjande sett, både ein religion og ein kultur. Den som konverterer til jødedommen tek ikkje berre til se ei tru, men òg ein etnisitet — som det går tydeleg fram av den kanskje mest kjende konverteringa - når Rut i Bibelen seier åt Naomi: "Folket ditt er folket mitt, og Guden din er Guden min!" (Ruts bok, kap. 1, v. 16)
I mange religionar er det vanleg å dra på valfart til spesifikke heilage stader i løpet av året eller livet — jfr. hajj til Mekka i islam og pilgrimsfart til Roma, Jerusalem eller Betlehem i kristendommen). I jødedommen er det tre slike valfartsfestar — pesah (påske), sjabuót (jød. pinse) og sukkót (lauvhyttefesten]]. Medan Tempelet i Jerusalem stod, drog alle jødar i Israel som det var praktisk muleg for på valfart til Tempelet for påskeofferet. I dei fleste utgåver av Haggadá sjel pesah, eller haggadáen, seier ein לשנה הבאה בירושלם — «Året som kjem, i Jerusalem!»
Det jødiske bønneritualet er kodifisert i ein siddúr (bønnebok). En ber i utgangspunktet tre gonger dagleg — enten privat eller i synagogen.