Midsund kommune
Midsund er ein tidlegare norsk øykommune på romsdalskysten i Møre og Romsdal. Han var omgjeven av kommunane Aukra i nordaust, Molde i aust, Vestnes i sør, Haram i sørvest og Sandøy i vest. 1. janaur 2020 vart kommunen slegen saman med Molde og Nesset til nye Molde kommune.
Midsund kommune | |||
tidlegare kommune | |||
|
|||
Land | Noreg | ||
---|---|---|---|
Fylke | Møre og Romsdal | ||
Adm.senter | Midsund | ||
Areal | 95 km² | ||
• land | 94 km² | ||
• vatn | 1 km² | ||
Målform | Nynorsk | ||
Ordførar | Odd Helge Gangstad (Sp) | ||
Kommunenr. | 1545 | ||
Midsund kommune 62°42′31″N 6°47′48″E / 62.708611111111°N 6.7966666666667°E | |||
Kart som viser Midsund kommune.
| |||
Wikimedia Commons: Midsund (former municipality) | |||
Nettstad: www.midsund.kommune.no |
Det var to kyrkjer i Midsund kommune. Nord-Heggdal kapell og Otrøy kyrkje ligg begge på Otrøya.
Kommunen hadde rundt 2050 innbyggjarar. Tettstaden Midsund hadde 583 innbyggjarar per 1. januar 2019.[1]
Historie
Det finst spor av busetjing frå Fosnakulturen ca. 6-8000 år f.Kr. Ein kjenner også til busetjinger frå 1400-talet.
Den mektige steingarden på Midøya var ein del av riksgrensa mellom Danmark-Noreg og Sverige i perioden 26. februar 1658 til 27. mai 1660. Steingarden var det vestlegaste endepunktet på riksgrensa.[2]
Geografi
Kommunen består av øyane Otrøy, Midøy, Dryna, Magerøy og Tautra.
Samfunn
Dialekt
Ein frå midsund snakkar romsdalsdialekt og brukar «i» som førsteperson eintall.
Næringsdrift
Næringslivet i Midsund er preget av fiskeoppdrett, fiske, jordbruk og havrelatert mekanisk industri.
Idrett
Midsund har sitt eige idrettslag som heite Midsund Idrettslag (forkorta MIL). Vi finn ein idrettshall, treningsstudio, Midsund stadion og Skeidvoll kunstgrassbane.
Kultur
Midsund har ein kino som har tilholdsstad på bygdheim forsamlingshus. Bygdheim har plass til 170 personar.
Midsund musikklubb bidrar til å oppretthalde levande musikk i Midsund.
Midsund har eiga lokalavis kalla Midsundingen som blir oppdatert kvar dag på nettstaden deiras og utgjeve kvar måned i papir.
Verdt å sjå
- Bjørneremshellarane
- Franskhelleren
- Hellekista på Orset
- Helleristningar på Nord Heggdal
- Kvernhuset i Heggdalsvika
- Midsundtrappa
- Riksgrensa mellom Danmark/Noreg - Sverige
Kjende folk frå Midsund
- Anton Beinset, (1894-1963), redaktør og forfattar
- Eivind Reiten, (1953-), politikar og næringslivsleiar
- Ole Arve Misund, (1958-), direktør i Norsk Polarinstitutt
- Eldbjørg Raknes, (1970-), jazzmusikar
- Steinar Raknes, (1975-) jazzmusikar
Kjelder
- ↑ «2019-11-04», ssb.no (på norsk), henta 11. desember 2019
- ↑ «Om Midsund - Midsund kommune», www.midsund.kommune.no, henta 5. november 2019