Midsund kommune
tidlegare kommune i Møre og Romsdal fylke i Noreg
Midsund er ein øykommune på romsdalskysten i Møre og Romsdal. Kommunen er omgjeve av kommunane Aukra i nordaust, Molde i aust, Vestnes i sør, Haram i sørvest og Sandøy i vest. Kommunen er for tida inne i ei negativ utvikling med minkande folketal.
Midsund kommune | |||
kommune | |||
|
|||
Land | Noreg | ||
---|---|---|---|
Fylke | Møre og Romsdal | ||
Adm.senter | Midsund | ||
Areal | 95 km² | ||
• land | 94 km² | ||
• vatn | 1 km² | ||
Målform | nynorsk | ||
Ordførar | Odd Helge Gangstad (Sp) | ||
Kommunenr. | 1545 | ||
Midsund kommune 62°42′31″N 6°47′48″E / 62.708611111111°N 6.7966666666667°E | |||
Kart som viser Midsund kommune.
| |||
Wikimedia Commons: Midsund (former municipality) | |||
Nettstad: www.midsund.kommune.no |
Det er to kyrkjer i Midsund, begge på Otrøya, Nord-Heggdal kapell og Otrøy kyrkje.
Historie
Vi finn spor av busetjing frå fosnakulturen ca 6-8000 år f.kr. Vi kjenner også til busetjinger frå 1400 tallet.
Den mektige stein-garden på Midøya var ein del av riksgrensa mellom Danmark/Noreg og Sverige i perioden 26.februar 1658 til 27.mai 1660. Steingarden var det vestlegaste endepunktet på riksgrensa.[1]
Kjende folk frå Midsund
- Anton Beinset, (1894-1963), redaktør og forfattar
- Eivind Reiten, (1953-), politikar og næringslivsleiar
Bakgrunnsstoff
- ↑ «Om Midsund - Midsund kommune», www.midsund.kommune.no, henta 5. november 2019